Hopp til innhold

– Dei fleste barn skal få akutt hjelp lokalt

Det er ikkje slik at alle sjuke born i Romsdal og på Nordmøre må dra til Ålesund. Det seier klinikksjef Ove Økland.

Kristiansund Sjukehus

Døgntilbodet til barneavdelinga på sjukehuset i Kristiansund kan forsvinne.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ove Økland

Klinikksjef Ove Økland presiserer at dei aller fleste borna i Romsdal og på Nordmøre skal få akutt hjelp lokalt.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Denne veka kom det fram at barneavdelinga i Kristiansund kan verte stengt på kveld og nattestid, og at dei sjukaste borna dermed må dra til Ålesund eller Trondheim. Både småbarnsforeldre og tillitsvalde har uttrykt bekymring for forslaget.

Helseføretaket skal spare pengar og kjem med tre ulike alternativ i ein rapport. Eit av alternativa er at barneavdelinga i Kristiansund skal ha eit utvida dagtilbod, men at sengeposten ikkje skal vere døgnopen. Dermed må dei sjukaste borna dra til Ålesund eller Trondheim.

LES OGSÅ:

Skal få hjelp

– Uansett kva modell ein går for, skal dei fleste barna i Nordmøre og Romsdal få akutt hjelp lokalt, seier Ove Økland.

Han er klinikksjef for barn og unge i Helse Møre og Romsdal og har leia arbeidsgruppa som har lagt fram dei tre alternativa. Økland meiner at media har skapt inntrykk av at dei fleste barn nord i fylket må dra til Ålesund dersom dei vert akutt sjuke. Han vil no avkrefte det.

– Dei fleste innleggingar i barneavdeling skjer på dag eller tidleg kveld, og i alle modellane vil det vere barnelege tilgjengeleg på vekedagar, seier Økland.

Pasienthotell

Han seier at barn som treng å leggjast inn i nokre timar til observasjon eller må starte opp behandling, vil som regel kunne få det lokalt. Også dersom behandlinga må halde fram neste dag og barnet ikkje er alvorleg sjukt, kan familien få ligge på pasienthotell.

– Dette gjeld i alle modellane som er lagt fram, seier Økland. I modellen med utvida dagdrift vil nokre barn måtte reise til andre sjukehus. Fagfolk er ikkje samde om kor mange dette gjeld.

Dei tre modellane skal vurderast i ulike organ før dei vert behandla av styret.

Barneavdelinga Kristiansund

Den døgnopa barneavdeling kan bli lagt ned i Kristiansund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL