Hopp til innhold

Barnehagebarn hadde ikkje koronavirus likevel

Eit barn frå Eidsvåg barnehage i Molde testa svakt positivt på koronasmitte, og to barnehagar, ein skule, legekontor og ein idrettshall blei stengde. Den endelege testen viser at barnet ikkje er smitta likevel.

Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) og kommuneoverlege Cato Innerdal i krisemøte.

Krisemøte i Molde kommune med ordførar Torgeir Dahl og kommuneoverlege Cato Innerdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

OPPDATERING TORSDAG: Den nye prøva viste seg å vere negativ for koronaviruset. Dermed har barnet berre vanleg luftvegsinfeksjon.

Molde kommune kalte inn ekstra legeressursar, og gjekk i gang med å spore opp alle som har vore i kontakt med eit mogleg koronasmitta barn som høyrer heime i Eidsvåg.

– Det at vi har fått ein mogleg positiv test på eit barn med så mange potensielt eksponerte tar vi på stort alvor, seier kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde.

Første prøve blei rekna som svakt positiv. Det blei tatt nye prøver for å stadfeste om dette faktisk er ei positiv prøve, og resultatet viste seg å vere negativt.

Barnet er skriven ut av Kristiansund sjukehus, og er no på veg til å bli betre frå luftvegsinfeksjonen.

- Denne pasienten har blitt behandla som smitta av koronavirus, og 15 - 20 tilsette har vore satt i karantene som følge av dette. Så det er svært gledeleg, både for familien og for oss, at dette vart det endelege resultatet, seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Torstein Hole i ei pressemelding.

To barnehagar, ein grunnskule, ein idrettshall og legekontor blei stengt i kommunen.

100 personar i karantene

Barnet blei lagt inn på barneavdelinga i Kristiansund, som blei stengt for nye pasientar fram til endeleg prøve skulle bli klar.

– Vi handterer dette som ei positiv prøve fram til anna er avklart. Vi har sett i gang omfattande arbeid med mikroppsporing, seier Innerdal.

Onsdag kveld var vel 100 personar så langt sett i karantene. Det inkluderer blant anna alle barn og tilsette på barnehagane.

Kristiansund sjukehus

Barnet blei lagt inn på sjukehuset i Kristiansund. No er det skriven ut.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Tilstanden er stabil

Tilstanden til barnet har vore stabilt, og barneavdelinga har gjort dei smitteverntiltaka som er nødvendig.

Torstein Hole

Torstein Hole er fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Barnet har ein luftvegsinfeksjon, og blei rutinemessig testa på sjukehuset, seier Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Torstein Hole.

Barnet var også i ein dåp sist helg, der det skal ha vore mellom 20 og 30 personar. Kommunen jobba med å spore opp alle desse for å sette dei i karantene.

Legen som jobbar på det stengte legekontoret blei sett i karantene.