Garderoben er full av barn som skal ut å leike i sola. Eller sun, forklarer Leah Rønnestad at det heiter på engelsk.
Ho og venninnene i Gnist barnehage i Ålesund slår ofte om til engelsk når dei leikar seg.
– Vi brukar engelsk når vi leikar mor og baby. Då er liksom naboen engelsk, seier seksåringen.
Leah Rønnestad kan ikkje forklare kvifor ho kan så mykje engelsk. Ho har berre lært det, seier ho.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKBekymra lærarar
Lærarar over heile landet ser at ungdommar brukar så mykje engelsk i kvardagen at det går ut over norsken.
Også i barnehagane opplever dei tilsette at små barn blir påverka.
– Eg trur hovudgrunnen er barne-tv og YouTube, seier pedagogisk leiar Emilile Korsnes Molvær. Ei anna medverkande årsak er at nokre av barna i barnehagen har engelsk som hovudmål.
Molvær blir ofte overraska over kor mykje engelsk barna kan. Og det er slett ikkje berre dei eldste barna som har lært engelske ord.
– Når vi sit og teiknar spør barna om få pink farge, seier Molvær.
Emilie Korsnes Molvær er pedagogisk leiar ved Gnist barnehage Hessa.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKTake a ride
Ved leikestativet er tre venninner i full gang med rolleleik med dokkene.
– Where are the gym, spør Tomine Ekremsæter Dolmen dei andre. Småbarnsmødrene skal på treningssenter. Og plasserer dokkene sine på trehjulssyklane.
– Baby, we are gonna take a ride, seier Leah og sørger for at dukka ikkje ramlar av i fart.
Naturleg at barn blir påverka
Språkprofessor Kristine Benzen ved Universitetet i Tromsø er ikkje overraska over at barnehagebarn snakkar engelsk.
– Barn bli bombardert med engelsk språk rundt seg heile tida. Både frå TV, nett og alle digitale plattformer. Barn snappar til seg språk veldig lett, seier Bentzen.
Ho forklarar at det er vanleg at barn skiftar dialekt i rolleleik. Mange snakkar austlending når dei går inn i karakteren sin i leiken. Barn som er fleirspråklege utnyttar også språka dei har i rollene.
Ho trur ikkje det er tilfeldig at barnehagebarn brukar engelsk i leiken.
– Dei er nok svært bevisste på at dei hentar inn eit anna språk i leiken og at det har ein funksjon, seier Bentzen.
Tomine Ekremsæter Dolmen snakkar engelsk når ho leikar seg saman med venninnene.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKSnart skuleklare
Det er ikkje alle dagane at engelsk er like mykje i bruk i barnehagen i Ålesund. Pedagogisk leiar Emilie Korsnes Molvær mistenker at det barna har gjort på fritida dagen før, kan vere med å påverke. Ho er slett ikkje bekymra for at påverknaden skal gå utover det norske språket. Tvert om trur ho det å lære engelsk tidleg kan vere ein styrke for barna.
Snart er Leah og leikekameratane klare for å begynne på skulen. Og dei veit kva fag dei gleder seg til.
– Når vi skal starte på skulen kjem vi til å lære mykje engelsk. Eg trur det går fint, seier Leah.
Tomine Ekremsæter Dolmen Leah Rønnestad og Ellie Lorgen Martinsen gler seg til å lære meir engelsk når dei startar på skulen til hausten.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKHøyr korleis barn blir påverka av å vere fleirspråkeleg.