Bålsjefane møtte dronninga

Dronning Sonja og Kongeskipet var i Ålesund i går for å sjå Slinningsbålet, og i dag fekk bålgjengen audiens med henne. – Det var veldig stas. Ho synest vi hadde gjort ein veldig bra jobb og sa at det var koseleg å kome til Ålesund for å feire santkhans med oss, seier Mathias Haga, som er ein av bålsjefane. Smp.no skreiv om saka først.

Dronninga og bålgjengen
Foto: Anne Hovland