Averøy-ordføraren held fram
Ingrid Rangønes held fram som ordførar i Avreøy, etter at Arbeidarpartiet gjorde reint bord i kommunevalet. Partiet fekk 53,3 prosent av røystene, og dermed er det klart for ein ny fireårsperiode for Rangønes. Det ligg an til at Svein Kongshaug også han frå Arbeidarpartiet blir varaordførar. Valstyret skal ha møte seint i ettermiddag.