Hopp til innhold

Brakval for Ap i Ålesund

Arbeiderpartiet har gjort eit historisk godt val i Ålesund og Eva Vinje Aurdal (Ap) blir truleg Ålesunds første kvinnelege ordførar.

Vallogo

I 16 år har dei blå hatt makta i Ålesund, men no blir det eit maktskifte. 36 prosent av veljarane stemde på Arbeiderpartiet. På valvaken på Parken hotell var det ellevill jubel for resultatet.

– Eg synest eg burde bli ordførar, men det gjenstår å sjå gjennom forhandlingar om nokon prøver å stenge oss ute, seier Aurdal. Dersom ho vert ordførar, vert ho den første kvinna i den posisjonen i Ålesund.

Tidlegare i kveld gjekk ho frå intervju til intervju saman med Høgre sin ordførarkandidat, Øystein Tvedt.

– Om vi får ein oppslutnad på 30 prosent er eg svært nøgd, sa Aurdal, før dei første stemmene byrja å tikke inn. I over eitt år har ho og Arbeidarpartiet drive valkamp for å rokke på Høgre og Frp-styringa.

.

Eva Vinje Aurdal

Under valvaken fekk Aurdal på seg eit kjede.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Yngste ordførar

Øystein Tvedt

Øystein Tvedt er Høgres ordførarkandidat.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ordførarkandidaten til Høgre, Øystein Tvedt, var spent i dag. 24-åringen kunne bli Ålesunds yngste ordførar, men utover kvelden vart stemninga labrare.

– Valresultatet vart ikkje slik vi håpa på. Vi hadde venta ein nedgang, men den var større enn vi hadde venta, seier Tvedt.

Både Aurdal og Tvedt er klare på at det blir rundar med hestehandel etter kvelden.

– Her er det fleire parti som må sette seg ved forhandlingsbordet for at Arbeiderpartiet skal få fleirtal, seier Tvedt.

Eva Vinje Aurdal meiner at årsaka til det gode valet for Arbeiderpartiet er at byens befolkning ynskjer ei ny retning for Ålesund for framtida.

Eva Vinje Aurdal kommenterer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL