Hopp til innhold

Auka snøskredfare laurdag

I morgon aukar snøskredfaren her i fylket. Det melder snøskredvarslinga til NVE.

Størst er auken i Romsdal og Trollheimen. Der aukar snøskredfaren frå liten til betydeleg i morgon.

– Det blir komplekse forhold. Ver spesielt merksam i skuggevende/aust- og nordvende leområde og botnar i høgda, skriv snøskredvarslinga.

På Sunnmøre går faren frå liten til moderat. Her ber snøskredvarslinga folk om å vere varsame der det ligg fersk fokksnø, men at det elles er stabile forhold.