NRK Meny
Normal

Åttedobla folketal i Stordal

Møre og Romsdals minste kommune med 1030 innbyggarar har åttedobla folketalet denne helga.

Stordalscup

Sola brukar å kome samtidig med Stordalscup, og unge spelarar briljerer på banen.

Foto: Hallgeir Hove

Gigantarrangementet Stordalscup har fått 8000 menneske til å dra til Stordal på Sunnmøre denne helga.

Fotballcupen for barn blir arrangert for 35.gong. Og der har dei ein fast tradisjon:

Stordalscup

Det er mange tette matchar på det flotte kunstgrasanlegget i Stordal.

– Sola kjem samtidig med cupen. Kvart år, seier cupsjef Bjørg Jacobsen, som ser mange solbrente folk på fotballbanen.

Ho har fortrengt at det var haglbyger i fjor. Cupsjefen seier at Stordalscup set sitt preg på kommunen frå fredag til måndag.

Åtti lag er med i cupen, og det er 8000 besøkande. Dette gir inntekter.

Stordalingane stiller på dugnad

– Det er den suverent største inntektskjelda til fotballgruppa i Stordal IL. Det gjer at vi slepp å seljje så mykje lodd elles i året.

Stordalscup

Parkeringsplassen viser litt av kor stort besøk det er i Stordal denne helga.

250 stordalingar er med og hjelper til. Mange av dei har ikkje barn i aksjon sjølve, men gjer likevel ein solid dugnadsinnsats.

Loppemarknad, valkamp og tivoli

Kampane blir spelte på seks baner. Stordal har eit flott kunstgrasanlegg, og i Stordalshallen like ved er det mykje som skjer. Inne i grendasalen er det loppemarknad. Det er kafé og mange utstillarar. Fem politiske parti har valkamp i hallen, og ute er det tivoli.

Stordalscup

Gode vener etter J14-kamp: Stordal i gult og Batnfjord i raudt.

Foto: Hallgeir Hove

Bjørg Jacobsen arbeider til dagleg som leiar for Frivilligsentralen i Stordal. Og cupen er litt i same gate, så her kan ein ta med seg erfaringar begge vegane.

– No kryr det av folk overalt. Dette er moro, seier Bjørg Jacobsen, leiar for den 35. Stordalscup.