NRK Meny

Åtte månader for vald og truslar

Ein familiefar i 40-åra er i Romsdal tingrett dømt til fengsel i åtte månader for vald og truslar mot borna sine. Tre månader er gjort på vilkår. Mellom anna har han slått, sparka og dytta barna sine over ein periode på fem år. Ved eitt høve tok han kvelartak på sonen. Han skal også ha vore så aggressiv at barna fekk angstreaksjonar. Han må også betale erstatning til barna.