Hopp til innhold

Arvesen køyrde på ung gut

Ein ung gut blei frakta til sjukehus etter å ha blitt påkøyrd av Kurt Asle Arvesen på dagens etappe av sykkel­rittet Spania Rundt.
 

Etter 95 kilometer skjedde uhellet. Guten sprang ut i vegbanen og Arvesen kunne ikkje styre unna.

Sykkelen brakk i to, medan guten måtte sendast til sjukehus. Sykkelen til Arvbrakk i to, medan guten måtte sendast til sjukehus.

– Det første Kurt sa etter velten var «Korleis gjekk det med barnet?», seier Team Skys pressetalsmann Nick Howes til VG Nett.

Farten skal ha vore høg i feltet då ulukka fann stad. Arvesen fekk etter kvart ein ny sykkel og kunne halde fram med rittet.
 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL