Hopp til innhold

Arrestert etter filming med spionkamera

Politiet i Ålesund arresterte i går ein trenar i 20-åra for ulovleg filming av unge idrettsjenter.

Mannen hadde festa eit spionkamera i garderoben som eit idrettslag brukte.

Spionkameraet var forma som ein knagg på veggen.

Jentene oppdaga sjølv kameraet og melde saka.

Mannen har tilstått.

Politiadvokat Mathias Häber seier til NRK at mannen er sleppt fri etter avhøyr, men at det er oppretta straffesak mot han.