Programma følgjer diktaren og hans strid livet igjennom, frå han voks opp i ein strengt pietistisk heim i Time på Jæren, til han vart lagd i haug, mest som på heidensk vis, utanfor hytta si i Knudaheio, nokre steinkast unna barndomsheimen. Vi møter han som diktarhovding og uredd kjempar, der han tok opp spørsmål som den gongen både var nye og farlege, og som framleis er aktuelle. Vi ser han i botnlaus gruvling og vonløyse, og vi følgjer han og fru Hulda både i lystige og vonde dagar. Dramatiske hendingar og episodar, så vel som situasjonar frå kvardagslivet, blir trekte fram, og rollene som Arne og Hulda Garborg blir tolka av skodespelarane Sigve Bøe og Gunhild Kværness. Opptaka er i hovudsak gjorde på dei stadene og i dei husa dei levde, på Kolbotn i Nord-Østerdelen, på Labråten i Asker, på seminaret ved Tvedestrand og på Garborg og i Knudaheio på Jæren. Fleire av dei mest kjende litterære tekstane, t.d. frå Haugtussa, Fred og Knudaheibrev, har fått sin rettmessige plass, og Garborg-kjennarar er med å setje diktaren og hans verk inn i den rette samanheng.
Programma er laga av NRK Møre og Romsdal, med Oddgeir Bruaset som programansvarleg.