Hopp til innhold

Årets nynorskbrukar

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal ved sykehuset på Lillehammer er tildelt prisen Årets Nynorskbruker 2009 av Nynorsk Kultursentrum.

Ottar Rekkedal, Årets nynorskbrukar
Foto: Gaute Øvereng / Ivar Aasen-tunet


Rekkedal, som er fra Volda, får prisen for viljen til å gjere nynorsk til eit allminnelig språk også i norsk helsevesen og for å vidareutvikle nynorsk som medisinsk fagspråk i bruken av moderne informasjonsteknologi .

- Dette kom som eit sjokk. Eg trur faktisk at eg haldt kjeft i 10 minutt. Det å få ein heider på denne måten, det set eg umåteleg pris på. Eg føler at eg har gjort noko som andre har lagt merke til og tykt om, seier prisvinnaren.

Rekkedal seier at det står svært dårleg til med nynorsken i helsevesenet.

- Nynorsken vert funksjonelt trakassert frå statsråden, gjennom alle direktørane i helseføretaka og ned på nærast det lavaste nivå gjennom heile helsevesenet.

Han har mange eksempel på at det er vanskeleg å vere nynorskbrukar i helsevesenet.

- Det har enno ikkje skjedd at eit helseforetak har bestilt til dømes eit tekstbehandlingsprogram der dei ber om at det skal vere dei same rettemoglegheitene på begge målføra.

I fjor haust skulda Rekkedal Helse Sør-Øst for språkrasisme fordi han ikkje likte at det han dikterte vart skrive ned på bokmål.

- Det er umogleg å omsetje ord for ord til eit levande bokmål når eg dikterer på nynorsk. Difor vert den språklege utforminga på mine brev ekstremt dårleg, og eg føler meg nærast trakassert over å skulle sette namnet mitt under noko slikt, seier den engasjerte målmannen.

Og han har aldri sett på det å gå over til bokmål som noko alternativ.

- Eg ser ikkje nokon grunn til å gå over til å nytte eit okkupasjonsspråk. Det er snart 200 år sidan vi vart kvitt det danske veldet. Kvifor skal vi framleis ha eit okkupasjonsspråk som heng igjen i den offentlege tenesta som vi yter?

Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, er klar på kvifor det er nettopp Ottar Rekkedal som får denne prisen.

- Fordi han fortel så sterkt om korleis kvardagen hans er som ein heilt gjennomsnittleg språkbrukar. Rett nok har han eit språkøyre som lever svært godt, men han er ikkje nokon spesialist på språk. Han er spesialist på heilt andre ting og no får han altså ikkje sjansen til å gjere den jobben han kunne ha gjort, reint språkleg sett.

Grepstad og Rekkedal vil no be om eit møte med helseministeren.

- Eg trur Rekkedal har rett i at det er helseministeren som sit med nøkkelen her. Det er ei heilt klar line frå regjeringa Stoltenberg at alle leiarar i offentleg forvaltning skal følgje mållova og oppfylle dei rettane som kvar einaste språkbrukar i offentleg forvaltning har, og det skjer altså ikkje i helsevesenet.

No vil Grepstad gjere noko med situasjonen.

- Vi kan ikkje site og sjå på dette. Difor er eg svært glad for at ein slik pris kan vere med på å framheve kor alvorleg denne kvardagen er.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL