Hopp til innhold

Årets bloggar frå Molde

"Sinnabloggaren" Linnea Myhre vart fyrste prisvinnar.

Linnea Myhre

'ÅRETS BLOGGAR': Linnea Myhre frå Molde er kåra til årets bloggar i Noreg. Bildet er frå bloggen hennar.

Foto: Linnea Myhre, linniiie.com

Liniiie.com

POPULÆR BLOGG: Linnea Myhre sin blogg har gitt henne mange lesarar.

Foto: Skjermdump

Myhre fekk prisen under utdelinga Vixen Blog Awards onsdag kveld, skriv Dagbladet si nettutgave .

"Bloggen provoserar, gjer narr av og er brutalt ærleg" står det mellom anna i grunngjevinga frå juryen.

"Om det er med vilje eller ikkje? Det er ikkje godt å vite, men at me elsker å lese det, det skal vere sikkert" står det vidare.

- Hyklar

- Eg er ein hyklar, seier ho om grunnen til at ho i går stilte på utdeling. For i sin eigen blogg har ho sagt klart frå kva ho meiner om utdelingar slik som denne.

- Og likevel stiller eg opp, seier ho til avisa.

- Eg føler eg må stille opp, og så går eg om det blir kjedeleg, fortel ho.

- Som ei god venninne

Dei såkalla rosabloggarane, og kjendisbloggarane er ho ikkje så interessert i, men for ho sjølv har blogginga blitt ein vane.

- Eg er blitt van med kontakten med lesarane. Det er som ei god venninne som stikk innom, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL