– No har vi ikkje vore saman i meir enn nokre få dagar, men eg trur at dette her kjem til å gå bra.
Hege Gagnat er ikkje i tvil. Det var rett av partiet hennar å gjere avtale om å samarbeide med Høgre i Molde. Høgre fekk ordføraren. Ap-politikaren Gagnat blei varaordførar.
Det var ikkje alle i lokalpartiet som var like overtydd om at dette var vegen å gå. Dei to partia har samarbeidd før, og då gjekk det dårleg for Arbeidarpartiet i det etterfølgande valet. Og det er Høgre som har vore storebror i Molde dei siste 20 åra.
Men Hege Gagnat er trygg på det valet dei har gjort.
– Så er det opp til oss å sette eit Ap-stempel på ein del saker og vere tydeleg på det. Og vi er opptatt av å styre ansvarleg i lag, og det trur vi at veljarane likar.
Varaordføraren i Molde, Hege Gagnat (Ap), meiner det er stor skilnad på nasjonal og lokal politikk.
Foto: Trond Vestre / NRKHovudmotstandarane finn saman
Dei er hovudmotstandarar i den nasjonale politikken. Frontane er gjerne skarpe. Orda som kjem, skaper tydelege skilje mellom dei. I nokre periodar har dei vore som hund og katt.
Men i kommunane er det lettare å finne saman på tvers av dei nasjonale skiljelinene. Å gå saman med Arbeidarpartiet er ikkje noko problem, meiner Trygve Grydeland som har blitt Høgre sin nye ordførar i Molde.
– Eg tenkjer at det er heilt uproblematisk. Mi erfaring er frå lokalpolitikken. Her har vi takla problema gjennom godt samarbeid. No tenkjer vi at vi skal styre i lag. Og dei tilbakemeldingane vi har fått etter valet har vore veldig gode.
Ordføraren i Molde, Trygve Grydeland (H), er trygg på at samarbeidet med Arbeidarpartiet blir godt.
Foto: Trond Vestre / NRKSamarbeidsklima
NRK har laga ei oversikt over kva parti som har valt å samarbeide i kommunane i landet etter valet i haust. Det gir eit svært variert bilete.
I mange av dei største byane har Høgre danna fleirtal saman med andre borgarlege parti. Det er heilt i tråd med den nasjonale politikken.
Men i 49 av kommunane har Arbeidarpartiet og Høgre funne saman og gjort avtale om at ein av dei skal ha ordføraren. Den største kommunen er Karmøy, deretter kjem Molde og Rana.
Valforskar Bjarte Folkestad meiner ønsket om å søke makt er ei viktig drivkraft når desse to partia finn saman i lokalpolitikken. Men først og fremst er det eit spørsmål om kva som skjer i den einskilde kommunen.
– Det handlar om kva slags saker som har vore oppe i valkampen og korleis samarbeidsklimaet har vore mellom dei to partia. Dersom eigedomsskatt eller privatisering av eldreomsorga ikkje har vore langt framme så kan det vere eit godt grunnlag for samarbeid.
Valforskar ved Høgskulen i Volda, Bjarte Folkestad, meiner at samarbeidet mellom Ap og Høgre er avhengig av kva som skjer i den einskilde kommunen.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKUlike meiningar
Framfor Coop-butikken i Molde er det ymse meiningar om det som har skjedd. Nokre synest Arbeidarpartiet har selt sjela si til Høgre. Andre meiner det er heilt greitt. Men det er ikkje alle som bryr seg heller.
Leiv Prestvik vil ikkje henge seg opp i at dei to partia gjer noko anna i Molde enn det dei gjer nasjonalt.
– I ein kommune så kan det jo ofte vere saker og sånn som taler for at det kan vere riktig. Eg ser ikkje noko gale i det.
Leiv Prestvik ser ikkje noko gale i at dei som er politiske erkerivalar nasjonalt, samarbeider i Molde.
Foto: Trond Vestre / NRK