Hopp til innhold

Anonyme utlendingar

Opp mot 14 000 utlendingar arbeider i industrien i Møre og Romsdal. Men dei er svært anonyme i lokalmiljøa.

Polakkane skaper kø i nærbutikken.

Polakkar og andre utlendingar skaper kø ved nærbutikken i Tomrefjord, men i kultur- og idrettslivet er dei nesten usynlege.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen, NRK

Næringslivet skrik etter arbeidskraft, og mange utlendingar søkjer lykka i Møre og Romsdal.

I Vestnes kommune snakkar kvar fjerde arbeidstakar eit framandt språk, men dei 1000 utlendingane gjer lite ut av seg i lokalmiljøet.

- Det er ingen av leigearbeidarane som er med i sangkor eller idrettslag i Tomrefjord, seier informasjonssjef Hege Akselvoll i Aker Yards. Ho bur sjølv i industribygda.

- Det verkar som dei har nok med å jobbe, ete og sove.

Informasjonssjef Hege Akselvoll i Aker Yards.

Informasjonssjef Hege Akselvoll i Aker Yards bur i Tomrefjord. Ho seier at ingen av dei utanlandske leigearbeidarane er med i idretts- eller kulturlivet i bygda.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen, NRK

Også utlendingane NRK snakkar med stadfestar at dei ikkje får tid til å engasjere seg i lokalsamfunnet. Svært få av dei har sosial kontakt med folk i Tomrefjord eller Vestnes.

Forrige helg var det ein knivstikkingsepisode på Ørskogfjellet.

- Aker har nulltoleranse for bråk og kriminalitet. Folk som driv med slikt blir sende heim att, seier informasjonssjef Hege Akselvoll.

Men elles har det vore lite bråk, og dei norske arbeidarane på Langsten syns det heile går svært greitt:

- Dette er flinke folk som arbeider lange dagar og står på, seier montør Sigmund Fiksdal ved Aker Yards Langsten i Tomrefjord. Men han må vedgå at det blir litt språkproblem.

Ordførar Øyvind Uren skryt av framandarbeidarane. Han er nabo til den store brakkeriggen der leigearbeidarane bur, og har arbeidd mange år i industrien sjølv:

- Hadde vi samla 200 tomrefjordingar mellom 20 og 40 år på ein plass, hadde det nok blitt meir bråk, seier Ap-ordføraren.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL