Hopp til innhold

Anna og Elias er mest populært i vårt fylke

Det er Emma og William som toppar namnelista nasjonalt for 2015, men i Møre og Romsdal var det andre namn som var mest populære.

Nyfødt baby på SUS

Anna og Olivia er jentenamna som er mest brukt blant nyfødde i Møre og Romsdal.

Foto: Arild Eskeland / NRK

I dag vart namnestatistikken til Statistisk sentralbyrå offentleggjort. Den viser at etter over 30 års klatring er William det mest populære gutenamnet i landet. Emma er det namnet flest foreldre kallar jentebarna sine. I 2015 var det 449 jenter som fekk namnet. Emma er øvst på lista for 8. gang.

Men dei to namna er ikkje mest populære i alle fylke. I Møre og Romsdal er det Elias som toppar lista blant gutenamn.

Hos jentene i Møre og Romsdal er det to namn som er øvst på lista, Anna og Olivia. Olivia er saman med Ella og Maja nye namn på topp ti-lista, ifylgje SSB.

Blant heile befolkninga i Noreg er Anne det namnet som er mest brukt som første fornamn på kvinner. Over 53 000 menn har Jan som eitt av sine fornamn.

Populære guttenavn 2015

1. William

474

2. Mathias/Matias

419

3. Oliver

412

4. Jakob/Jacob

409

5. Lucas/Lukas

407

6. Filip/Fillip/Philip/Phillip

405

7. Liam

396

8. Aksel/Axel

378

9. Emil

354

10. Oskar/Oscar

351

Populære jentenavn 2015

1. Emma

449

2. Nora/Norah

439

3. Sara/Sahra/Sarah

405

4. Sofie/Sophie

373

5. Olivia

349

6. Sofia/Sophia

342

7. Emilie

319

8. Ella

319

9. Leah/Lea

305

10. Maja/Maia/Maya

301

Navnetoppen 2015
Foto: Statistisk sentralbyrå

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL