Hopp til innhold

Angreip mann med saks

Ei kvinne i 30-åra skal ha stukke ein mann med saks i natt.

Illustrasjonsbilde politi i Ålesund på nattestid
Foto: Lena Høyberg / NRK

Episoden skjedde i Volda rundt klokka 2 natt til søndag. Mannen skal ha fått lettare skader i hovudet og i ei hand. Politiet rykte ut og sak er oppretta.

Angreip drosjesjåfør – og politiet

Rundt klokka 01.30 natt til søndag, også i Volda, rykte politiet ut då ein mann i 20-åra angreip ein drosjesjåfør. Mannen nekta å gjere som politiet sa. Han vart så pågripen, men sette seg såpass kraftig i motverje at han blei meldt for vald mot politiet. Mannen er no varetektsfengsla.

Luftig hyrdestund

Klokka 02.20 fekk politiet i Ålesund ei bekymringsmelding om rusa personar på eit stillas. Det viste seg å vere eit par som hadde seg ei luftig hyrdestund, fleire meter over bakkenivå.

Høg musikk

Klokka 05.50 tok politiet i Ørsta grep då mange bilar spelte plagsamt høg musikk i sentrum. Førarane fekk advarselar og vart viste bort frå sentrum.

Narkotika

Laurdag kveld vart ein bil stoppa på Sula etter tips om vinglete køyring. Ein mann i 30-åra vart meldt for køyring i rus og tatt for å ha narkotika.

I Ålesund vart ein mann i 20-åra meldt for å ha mindre mengder narkotika i sin privatbustad i indre bydel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL