Hopp til innhold

Evakuerte får flytte heim etter ammoniakklekkasje i Tomrefjord

Brannvesenet har no tømt tanken med ammoniakk. Dermed får dei evakuerte no flytte heim igjen.

Ammoniakklekkasje

TOMREFJORD: Kjemikaliedykkarar er på veg inn i båten som ligg dokk ved Solstrand verft i Tomrefjord.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Politiet evakuerte 23 personar som var busett rundt Solstrand verft i Tomrefjord på grunn av ein gasslekkasje. Torsdag kveld fekk dei flytte heim igjen.

Det skjedde etter at brannvesenet hadde tømt tanken som inneheldt ammoniakk, og det var dermed ikkje lengre fare for andre rundt.

Brukte tid på å finne lekkasjen

Tidlegare i dag gjekk kjemikaliedykkarar inn i båten for å finne ut kvar lekkasjen kom frå, men utan hell.

– Brannvesenet har ikkje klart å lokalisere lekkasjen. Derfor bestemte dei å tømme heile tanken, sa Arild Reite i politiet til NRK.

Tanken med ammoniakk blei tømt rett i sjøen, politiet seier at dette er gjort i samråd med kommunen, og andre instansar.

Politiet melde først om hendinga rundt 11.30 torsdag. Alle naudetatane rykte ut til staden og det blei oppretta ei sikkerheitssone på 300 meter frå der båten låg i dokk.

Lekkasjen oppstod i ein tank om bord i ein 45 meter lang og åtte meter brei fiskebåt.

Ammoniakklekkasje

Mannskap frå brannvesenet gjer seg klar til å gå om bord i båten.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

To vart eksponert for gassen

To personar blei eksponert for gassen då dei var inne i båten. Begge vart køyrd til legevakta for sjekk.

– Det har ikkje vore eksplosjonsfare, men gassen er giftig og kan gi ubehag i friluft og kveling ved inntak av større mengder innandørs, opplyser politiet.

Brannvesenet opplyser at det skal ikkje ha vore fleire personar om bord i båten som pusta inn gassen.

Rosar naudetatane

Tore Rekdal, eigaren av Solstrand verft, rosar naudetatane etter lekkasjen. Han seier at slike hendingar er vanskelege å føresjå.

– Lekkasjen oppstod utan at det var utført arbeid på tanken. Vi har lært at vi må vere forsiktige, men dette var eit uhell som kunne ha skjedd når som helst, seier Rekdal.

Kommunen har sett krisestab

Ammoniakk er ein giftig gass utan farge som har ei stikkande lukt.

Vestnes kommune sette krisestab for å vere føre var.

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien.

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dei evakuerte fekk tilbod av beredskapsleiinga i kommunen om å ta inn på eit hotell brukt som evakueringssenter.

Ba folk lukke vindauga

I tillegg til sikkerheitssona på 300 meter bad politiet bebuarar i området om å lukke vindauge for å unngå å bli eksponert for gass som kunne bli ført med vinden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL