Hopp til innhold

Alle vil ha bunad til 17.mai

Vi betalar gladeleg 30.000 kroner for ein ferdig bunad, så lenge vi slepp å sy sjølve.

Sølvi Dahl

Sølvi Dahl syr bunad til alle andre enn seg sjølv.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tida då vi kjøpte inn materiale og broderte bunadene sjølve, er snart forbi. Husfliden i Ålesund ser at stadig fleire ynskjer å kjøpe heilt ferdig pakke. Prislappen ligg på 30.000 kroner både for damebunad og herrebunaden.

-Vi ser også at fleire menn enn tidlegare kjøper bunad, seier dagleg leiar ved Husfliden, Åse Karin Gjære.

Høgsesong

Husfliden har fem personar som jobbar på systova. Våren er høgsesong og no vert det arbeidd på spreng for å få levert bunadene i tide til konfirmasjonar og 17. Mai.

-Mange kontaktar oss for å få hjelp til å sy ut for tronge bunader til nasjonaldagen. Slike oppdrag har vi diverre ikkje tid til no, seier Gjære. Men etter 17. mi har det største presset gitt seg, og det vert meir tid til å justere nasjonaldraktene ut eller inn.

Bunader
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Syr til andre

Sølvi Dahl jobbar som syerske ved Husfliden. Ho brukar mellom 25 og 30 timar på ein bunad. I tillegg kjem brodering, som vert gjort av kvinner som tar på seg slike oppdrag heime. Sjølv har Dahl ikkje bunad. Å sy til seg sjølv har ho nemleg aldri tatt seg tid til.

-Men eg må innrømme at eg syr på fritida også, til trass for at det er veldig travelt på jobb i vårhalvåret, ler Dahl. Ikkje alle kjøper heimelaga bunad. Dei fleste småbarnsforeldre vel å kjøpe billegare bunader til borna.

Storsal av bunadar

Barnebunadar
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På barnebutikken Exit i Ålesund sel dei fleire bunader dagleg og det har dei gjort i ein heil månad.

-Vi har bunad heilt ned i nyføddstorleik. Alle må jo vere fine til 17. mai, seier butikkmedarbeidar Grethe Moe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL