Ålesund forbi Geiranger

Neste år ser det ut til at Ålesund får fleire cruiseanløp enn Geiranger, og det er første gong det skjer, skriv smp.no. Årsaka er mellom anna at Ålesund neste år får mange hurtigruteskip på spesielle cruise, og Geiranger får ingen slike. På grunn av verdsarvkrava er dessutan Geiranger innstilt på færre skipsanløp dei næraste åra.

Ålesund
Foto: Tore Ellingseter / NRK