UTDELING: Mastemotstandarane delte ut t-skjorter i Sykkylven i dag.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKNØGD: Roy Aarsnes er nøgd med engasjementet i Sykkylven.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKNEI: Motstandarane vil ikkje ha ei ny kraftlinje gjennom Sunnmøre.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKSAKNA: Helga Lermo Johansen meiner miljøvernministeren burde vere i Sykkylven.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKSVARAR: Ove Brattberg er Statnett sin representant på møtet.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKENGASJERTE: Aksjonsleiar Roy Aarsnes er fornøgd med engasjementet i Sykkylven, men kunne tenkt seg at fleire møtte opp.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Det kunne vore litt fleire folk, men engasjementet er på topp, seier Roy Aarsnes, leiaren i Folkeaksjonen mot 420 kV luftlinja Ørskog-Fardal.
Gir ikkje opp
Statnett vil erstatte den eksisterande 132 kilovolts-linja mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn med ei 420 kilovolts-linje.
Motstandarane meiner dette vil føre til så store inngrep i naturen, at dei er villige til å gå langt for å stoppe planane.
– Denne kampen gir vi ikkje opp uansett. Vi kjem til å kjempe til siste slutt, seier Aarsnes til NRK.
LES OGSÅ:
Etterlyser ministeren
Helga Lermo Johansen er ei av dei som møtte opp i Aure i Sykkylven for å demonstrere i dag. Ho hadde med seg plakat med bilde av miljøvernministeren på.
– Vi etterlyser denne mannen. Miljøvernminister Erik Solheim. Han burde vore her og svart på spørsmål i dag.
– Denne linja vil føre til inngrep i naturen som ikkje kan reverserast. Den går midt gjennom dei mest brukte turområda våre, seier ho.
Statnett avviser denne påstanden. Dei meiner inngrepa med ei ny linje kan reverserast ved å fjerne mastene og fundamenta.
LES OGSÅ:
- Bra med engasjement
Det var NVE som arrangerte folkemøtet i Sykkylven, men Ove Brattberg, prosjektleiar frå Statnett, var der også for å svare på spørsmål.
Han hevdar han er glad for engasjementet.
– Vi set pris på alle tilbakemeldingar, seier han.
– Men er sjøkabel på delar av strekninga eit alternativ?
– Vi prioriterer ikkje sjøkabel. Vi vil rive dagens nett og erstatte det med eit nytt. Det er miljøløysinga, seier Brattberg til NRK.
Svaret provoserer protestleiar Aarsnes.
– Å kalle dette ei miljøløysing er heilt forkasteleg, seier han.
Sjå video frå Sykkylven: