Hopp til innhold

- Får følgjer for Sunnmøre

- Regjeringa sitt vedtak i Hardanger må få følgjer for den planlagte kraftlinja mellom Fardal og Ørskog. Det seier Roy Aarsnes, leiar i Folkeaksjonen mot luftspenn på Nordvestlandet.

Jens Stoltenberg, Terje Riis-Johansen
Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Roy Aarsnes, leier i Folkeaksjonen mot luftspenn på Nordvestlandet tek ikkje sigeren på forskot, men er glad for at regjeringa langt på veg har snudd i den omstridte saka i Hardanger. Regjeringa vil no gjennomføre ei ny og uavhengig utgreiing om å legge delar av kraftlinja i sjølkabel. Aarsnes trur sjøkabel vert konklusjonen.

- Ja, det ser no ut til at dei kjem til å snu. Protestane har vore så sterke at eg trur ikkje regjeringa har noko alternativ, seier Aarsnes.

Vorspiel

Han seier det som skjer i Hardanger berre er vorspielet til det som kan kome til å skje på Sunnmøre viss regjeringa går inn for luftspenn over fleire fjordar. Den planlagte kraftlinja mellom Fardal og Ørskog vil mellom anna kome svært nær verdsarvområdet rundt Geirangerfjorden.

- Vel dei sjøkabel i Hardanger er det utelukka at det kan kome luftspenn på Sunnmøre, seier Aarsnes.

Tett samarbeid

Sjølv om regjeringa i dag har gitt både seg sjølv og aksjonistane litt pusterom er ikkje motstanden på nokon måte lagt død. Til helga vert det som planlagt ein protestmarsj i Hardanger. På den vil også ei rekke Sunnmøringar delta, seier Aarsnes

- Vi er i tett samarbeid og set opp ein buss til Hardanger. Det er viktig at vi no samarbeider og støttar kvarandre i denne viktige saka, seier Aarsnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL