Hopp til innhold

- Trur regjeringa kan snu

- Snur regjeringa i kraftlinje-saka i Hardanger, vil dei også snu når det gjeld linja mellom Fardal og Ørskog. Det seier ordførar i Sykkylven Jan Kåre Aurdal (KrF).

Kraftlinje
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Regjeringa har møtt sterk motbør etter at dei ga Statnett tilslag for få bygge luftspenn over Hardangerfjorden, men så langt har det vore lite vilje til å vurdere andre løysingar.

Hardangerlinjen kan være i strid med Grunnloven

Ordførar i Sykkylven Jan Kåre Aurdal (KrF) trur likevel regjeringa kan kome til å snu i denne saka.

Jan Kåre Aurdal

Jan Kåre Aurdal, ordførar i Sykkylven, KrF.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Eg trur det er realistisk at dei vil vurdere denne saka på nytt. Dei har ikkje tatt nok omsyn til folkemeininga og risikerer å miste velgarar, seier Aurdal.

Fardal-Ørskog neste

Kva som skjer i Hardanger vil også få følgjer for den neste omstridte kraftlinja som er under planlegging. Kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre vil mellom anna kome svært nær verdsarvområdet i Geiranger. Kravet om sjøkabel står også svært sterkt her blant lokalbefolkninga.

Tafatte politikarar

Leiaren i Folkeaksjonen mot luftspenn på Nordvestlandet, Roy Aarsnes, meiner sunnmørspolitikarane må lære av det som skjer Hardanger.

- I Hardanger ser vi at både polikarar og vanlege folk har samla seg og står på. Vi bør gjere det same her. Den planlagte linja mellom Fardal og Ørskog vil jo rasere indrefileten av norsk natur, seier Aarsnes.

Ikkje aksjonar

Jan Kåre Aurdal avviser at politikarane har vore for lite på banen.

- Vi i Sykkylven har vore aktive heile tida. Vi har mellom anna ei gruppe samansett av næringslivet og politikarar som jobbar aktivt med dette her, seier Aurdal.

Men å delta i ein aksjon i Hardanger vil ikkje ordføraren vere med på.

- Nei, eg synes ikkje eg som ordførar bør gjere det, men heller halde fram med å få politikarane til å stå samla.