Hopp til innhold

Adresseavisen byr sørover

Adresseavisen vil kjøpe Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke frå Mecom.

Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Adresseavisen kontakta tysdag kveld leiinga i Mecom med ønske om å kjøpe 100% av aksjane i Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Edda Media sitt trykkeri i Ålesund.

Adresseavisen foreslår ein pris på 700 millionar kroner for dei tre einingane, som er ein del av Edda Media.

Også tidlegare har Adresseavisen vore nemnt som aktuell kjøpar for dei to avisene.

15. august 2008 sa administrerande direktør i Adresseavisen, Per Axel Koch: - Passer oss utmerket!

Dominerande i Møre og Romsdal

Sunnmørsposten AS eig fem aviser som dekker området rundt Sunnmøre, og radiostasjonen RadioStryn, samt flere nettsider. Papirtitlane omfattar Sunnmørsposten, Fjordenes Tidende, Vikebladet Vestposten, Fjordingen og Sunnmøringen, samt 65% av Møre Nytt.

Romsdals Budstikke AS eig tre aviser som dekker området rundt Romsdal og radiostasjonen 1FM Molde, samt fleire nettsider. Papirtitlane omfattar Romsdals Budstikke, Driva og Åndalsnes Avis.

Edda Medias trykkeri i Ålesund er en avdeling av Edda Ressurs AS, og er det ledende trykkeriet på Nordvestlandet med trykking av over 20 forskjellige titler pr. uke.

Vil bli størst

Adresseavisen ynskjer gjennom å etablere selskapet Polaris Media å bli det leiande mediehuset i Midt- og Nord-Norge i talet på avislesarar.

Selskapet blir etablert 20. oktober, skriv selskapet i ei børsmelding.

Allereie i juli starta kampen om å sikre seg dei om lag 50 avisene som Edda Media eig her i landet. 25. juli kom fyrste spekulasjonane om kven som vil kjøpe: Norsk budgiver

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL