Hopp til innhold

-Vi spelte middels pluss

AaFK vann 2–1 i treningskampen mot svenske Djurgården.

Aalesunds Michael Barrantes

Michael Barrantes scora det første målet.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Kent Bergersen etter kampen

Kent Bergersen er middels nøgd med kampen

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi er fornøgd med resultatet. Det å slå ein så god motstandar er veldig bra, men prestasjonen vår er middels pluss, seier assistenttrenar Kent Bergensen.

Vålerenga tapte 4–0 mot Djurgården i helga.

Dårleg 1. omgang

Bergersen meiner at 1. omgang var prega av dårleg flyt og eit lag som ikkje var på offensiven. Det var også mykje slurv teknisk på mottak og pasningar.

Meir aggressiv

I 2. omgang var AaFK mykje meir aggressiv.

Måla til AaFK vart scora av Michael Barrantes og Jason Morrison. Heimelaget hadde totalt seks sjansar, medan Djurgården hadde fire.

Reduserte

Like før kampslutt reduserte svenskane, då Christer Youssef heada frå kort hald.

-Vi fekk bryna oss. Djurgården er eit godt lag med gode ballspelarar og stor beveging i laget, seier Bergersen.

Snart seriestart

Om to veker er det seriestart, og AaFK møter Stabæk først på bortebane.

-Vi føler at vi har gjort ein god jobb i vinter og føler oss klare, seier Bergersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL