Hopp til innhold

AaFK treng sårt ein siger

Å slå Mjøndalen på heimebane bør vere mogleg. Likevel kan ikkje Aalesund føle seg trygge på at det vil skje.

Aalesund

Aalesund rota bort mange sjansar mot Start. Vil dei klare å rykke frå Mjøndalen søndag?

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Skal Aalesund få eit lite pusterom inn mot sommaren er søndagens heimekamp mot Mjøndalen ein kamp Aalesund bør vinne. Men tabellnaboane kjempar begge om å kome seg vekk frå den verste botnstriden og begge lag treng sårt ein siger.

Treng å vinne

Søndag kveld møtast dei to klubbane for første gong på øvste nivå i norsk fotball. Ikkje sidan 1991 har Aalesund og Mjøndalen vore motstandarar, og då var det i førstedivisjon. Då vann Mjøndalen begge kampane, 2-0 i Ålesund og 3-0 heime i Mjøndalen.

Aalesund står med berre ein siger på dei sju siste kampane og treng verkeleg å få følelsen av å vinne igjen, men Mjøndalen har i årets sesong vist at dei kan kome tilbake igjen og igjen. I mai viste østlandslaget publikum ein sensasjonell snuoperasjon mot Rosenborg. Det kan fort gjenta seg om ikkje Aalesund passar på.

Aalesund spelte bra mot Start i forrige runde, men var for dårlege i dei to bokasne. Begge lag hadde fleire store målsjanser, men når AaFK ikkje klarte å få hol på byllen, straffa eit kontringssterkt Start-lag dei.

Scoring nummer 400?

Det er ikkje første kampen i år AaFK har hatt problem med å score. Laget har scora berre åtte mål på heimebane denne sesongen.

Dersom dei sett inn fleire mål i kveldens kamp mot Mjøndalen, kan AaFK få si scoring nummer 400 i eliteserien. Då må tre av forsøka deira gå i nettmaskene bak Mjøndal-keeperen.

Mjøndalen på si side jaktar framleis sin første bortesiger for sesongen i eliteserien. Laget har tre uavgjorte og tre tap på sine seks bortekampar i år.

Imponert

Tidlegare AaFK-spelar, Hermann Ekeberg, byrja sin fotballkarriere i nettopp Mjøndalen og han er imponert over korleis moderklubben har framstått på bana og har tatt nivået i eliteserien.

– Lagånd, innsats og kameratskap må alltid kome først er mottoet til klubben, og det synest eg dagens lag lever opp til. Du kan se det på dei når dei spelar, dei er eit lag med stor L, skryt han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL