Hopp til innhold

Aalesunds FK er klar for Eliteserien

Dei 8500 tilskodarane kunne feire med jubelbrøl og fyrverkeri. Etter ein jamspelt heimekamp mot Ull/Kisa sikra Aalesunds FK opprykk til Eliteserien.

OBOS-ligaen i fotball 2021: Aalesund - Ull/Kisa.
Ålesund 20211120. Aalesunds Sigurd Haugen feirer 2-2 i OBOS-ligakampen i fotball mellom Aalesund og Ull/Kisa på Color Line Stadion. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sigurd Haugen kan juble for opprykk etter å ha scora to mål mot Ull/Kisa.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

For femte gong i historia rykkjer Aalesunds Fotballklubb opp til høgste nivå i norsk fotball.

Dermed blei det eit kort opphald i 1.-divisjon for laget frå sunnmørsbyen. Trenar Lars Arne Nilsen var langt ute på bana å feira då David Olafsson chippa inn 4–2 til heimelaget på overtid.

– Eg var ikkje sikker før på 4–2. Då den sat så trur eg de såg at eg følte det var i boks. Betre regi enn dette kan du ikkje få. Så mykje folk og heile byen i ryggen. Det er som regi frå Hollywood, seier Nilsen.

Over 8500 tilskodarar hadde møtt fram. Det har ikkje vore så mange på fotballkamp i Ålesund på lang, lang tid.

OBOS-ligaen i fotball 2021: Aalesund - Ull/Kisa.
Ålesund 20211120. Ålesundtrener Lars Arne Nilsen etter OBOS-ligakampen i fotball mellom Aalesund og Ull/Kisa på Color Line Stadion. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Aafk-trenar Lars Arne Nilsen kan feire at opprykket er i boks.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Forventingane var store, og før kampen hadde klubbleiinga gått høgt ut å varsla at dei hadde kjøpt inn fyrverkeri. Til deira glede kunne verken sunnmørsk vêr og vind, eller Ull/Kisa hindre festen.

OBOS-ligaen i fotball 2021: Aalesund - Ull/Kisa (3-2).
Ålesund 20211120. Aalesund feirer opprykket etter OBOS-ligakampen i fotball mellom Aalesund og Ull/Kisa på Color Line Stadion. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Angrepsfotball, opprykk og fyrverkeri var nokre av ingrediensane i det som nok blir ein minnerik laurdag i Ålesund.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Jamt før pause

Men sigeren kom ikkje utan motstand. Fyrste omgang var jamspelt, og det blei knyst stille på stadion då Henrik Kristiansen sende Ull/Kisa i leiinga med eit vakkert frispark.

Vidare ut i omgangen kriga Aalesund for å få kontroll. Fem minutt før pause fekk dei løn for strevet. Sigurd Haugen sette ballen i mål, og heimefansen kunne juble i ei blanding av lette og glede.

Det følast utruleg godt. Eg er aller mest letta. Vi har følt på presset no i haust, seier tomålsscorar Sigurd Haugen til NRK etter kampen.

OBOS-ligaen i fotball 2021: Aalesund - Ull/Kisa.
Ålesund 20211120. Aalesunds Sigurd Haugen med akrobatisk avslutning i OBOS-ligakampen i fotball mellom Aalesund og Ull/Kisa på Color Line Stadion. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sigurd Haugen skapte mykje trøbbel for Ull/Kisa forsvaret.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / ntb

Også andreomgang starta tett, og Ull/Kisa gav heimelaget nok ein kalddusj etter 69 minutt. Då sette Sondre Sørløkk ballen i mål etter ei strålande langpasning i bakrom frå Jens Berland Husebø.

Men det var ein kveld for fine frispark. Då klokka viste 78 minutt leitte Simen Bolkan Nordli fram godfoten. Ballen gjekk over muren og i mål, og Bolkan Nordli sende stemninga på stadion til himmels.

Etter dette gjekk lufta litt ut av bortelaget og AaFK styrte det meste fram til David Olafsson toppa kransekaka med å chippe ballen over keeper og sikre 4–2 sigeren på overtid.

OBOS-ligaen i fotball 2021: Aalesund - Ull/Kisa (3-2).
Ålesund 20211120. Aalesunds Niklas Castro feirer opprykket etter OBOS-ligakampen i fotball mellom Aalesund og Ull/Kisa på Color Line Stadion. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Niklas Castro og resten av Aalesunds Fotballklubb kan feire opprykket.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / ntb

Takka av Lie

Kampen blei nok ekstra spesiell for keeper Andreas Lie. 34-åringen har bestemt seg for å leggje opp etter sesongen. Dermed var dette siste heimekamp i ei lang Aafk-karriere.

I haust har ålesundaren vore reservekeeper. Då opprykket var sikra blei Lie bytta inn, fem minutt på overtid.

Andreas Lie

Kampen mot Ull/Kisa blei siste heimekamp i Andreas Lie si Aalesund-karriere. Målmannen er fødd og oppvaksen i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Eg er veldig, veldig glad. Å få rykkje opp med så godt som full stadion er eit verdig punktum. No følast det godt, seier Lie.

Var det avtalt at du skulle få kome inn om de leia med to?

– Nei, Lars Arne sa eg skulle få kome inn uansett. Han så han ville sett meg inn om det var 3–2 også. Eg sette veldig pris på dette, seier Lie.

Lie har studert journalistikk ved sidan av fotballsatsinga. No går han til ny jobb som sportsjournalist i Sunnmørsposten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL