Hopp til innhold

– For oss som jobber med vêret er Sunndalsøra ein A-kjendis!

Vêrmeldar og "Værbitt"-programleiar Eli Kari Gjengedal er over seg av entusiasme for fjella og vêret i nordmørsbygda.

Eli Kari Gjengedal og John Smits

Eli Kari Gjengedal og statsmeteorolog John Smits er programleiarar når 'Værbitt' vert sendt direkte frå Sunndalsøra torsdag klokka 20.15 på NRK1.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Torsdag kveld er det duka for "Værbitt" NRK1. Programmet vert sendt ifrå Sunndalsøra og skal dreie seg om at vêret slettes ikkje alltid blir som vêrvarselet tilseier...

– Vi skal sjå på ulike unnataksplassar i dette langstrakte landet vårt, forklarar programleiar Eli Kari Gjengedal.

A-kjendisen Sunndalsøra

Tronge fjordar og høge fjell gjer at vêret kan vere vidt forskjellig på to stader som er geografisk nær kvarandre. I fjellrike Møre og Romsdal er det mange slike stadar.

Til ettermiddagssendinga på P1 fortel programleiaren at Sunndalsøra gjer eit stort inntrykk på henne.

– Desse fjella er så mektige, dei er elleville. Eg klarer ikkje å slutte å sjå på dei – samstundes som dei er veldig skremmande. For oss som jobbar med vêr så er Sunndalsøra ein A-kjendis!

Mange type vindar

– Kva er det som er spesielt med Sunndalsøra?

– Dei har enormt mange vindar. Dei har mellom anna nebbevind og ikkje minst fønvind. Det er altså mykje lokalt vêr inne i Sunndalsøra som er heilt spesielt i forhold til andre plassar, forklarar programleiaren som også er kjent som mangeårig vêrmeldar på TV2.

Dei som bur på Sunndalsøra og kjenner vêret lokalt, veit gjerne at vinden blir mykje kraftigare enn kva som vêrmeldinga på TV tilseier.

– Etter to døgn på Sunndalsøra må eg seie at folk her er veldig oppdaterte på vêret og kjempeflinke til å snakke for seg, seier Gjengedal og legg til at opphaldet har bydd på unnataksvis pent vêr.

Lune stader

"Værbitt"-programleiarane har også vore ute etter ekstra lune stadar i bygda der termometer hoppar til vers. Men dei stadene låg tett inntil dei høge fjella og gjorde det for vanskeleg med satellittsignal og direktesendingar. Dermed vert det direktesending frå båthamna på Sunndalsøra i staden for.

Elles vert det også innslag frå inst i ei av fjordarmane på Sunnmøre, avslører Gjengedal.

– Vi skal vise eit kjempemorsomt innslag frå Tafjord. Så det vert artig å sjå!


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL