«Bunadsgerilja» i 1. mai-tog

Bunadsgeriljaen skal 1. mai gå i aksjonstog i Oslo. Dei går i pulje tre, rett bak parolen til sjukehussaka. – Vår folkerørsle har no blitt ei tverrpolitisk gruppe som har medlemmar frå alle parti, og dette er ein fin anledning til å fremme vår sak, seier leiar for bunadsgeriljaen, Anja Cecilie Solvik. Sjølv skal ho halde appell i anledning 1. mai i Kristiansund.