Byrja som 17-åring
Grete Thingnæs vart tilsett som ekstrahjelp ved Ålesund bibliotek som 17 åring i 1958. Ho vart kontorassistent i 1963 og kontorassistent/fullmektig ved Fylkesbiblioteket frå 1973. Denne stillinga hadde ho fram til ho slutta i sommar.
Grete Thingnæs
I heile 47 år har Grete vore ei kjelde til arbeidsglede og ein flott ambassadør for den personlege service som bibliotektenesta er, sa fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær da ho delte ut prisen i Molde tysdag.
"Bokbåt-Grete"
Ho hadde sin første tur i 1966 med bokbåten "Epos" og har sidan vore fast mannskap om bord. Seinare fekk ho også det praktiske ansvaret for bokbåten og bokbåttenesta. Folk i alle generasjonar langs kysten vår har blitt kjent med Grete og hennar hyggelege og lojale måte å vere på mot brukarane, sa Molvær.
"Epos" og Grethe Thingnæs har høyrt saman sidan 1966.
Flott kollega
Som kollega har Grete alltid vore blid, helpsom, positiv og inkluderande, ein kollega heile bibliotekmiljøet i fylket set stor pris på.
Norsk bibliotekforening, avdeling Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkesbibliotek er saman om å dele ut prisen.