Hopp til innhold

– Strikkinga blei medisinen min

Då Arnhild Skatvedt fekk kreft blei strikking lidenskapen som fekk henne gjennom sjukdomen.

Arnhild Skatvedt

Arnhild Skatvedt ønskjer å inspirerer andre med si historie.

Foto: Roar Halten / NRK

I dag er Arnhild Skatvedt frå Averøy på Nordmøre ein populær strikkedesignar med over 20.000 følgjerar på sosiale medium. Men det har ikkje alltid vore slik. I 2005 fekk ho kreft og seinare ein rekke sjukdomar som følgje av kreftdiagnosen. Då blei lidenskapen for strikking enno meir viktig for henne.

– Strikkinga blei medisin min, og det var medisin i kvar einaste maske eg strikka. Eg datt ut av arbeidslivet og måtte finne ein ny måte å meistre kvardagen på. Strikking blei løysinga, fortel Skatvedt.

Ei historie bak kvar oppskrift

For Skatvedt blei det ein god medisin å få til noko i ein kvardag der ho ikkje følte ho kunne bidra på same måte som før.

Arnhild Skatvedt

Strikking er ein stor lidenskap for Arnhild Skatvedt.

Foto: Roar Halten / NRK

– Når eg strikka så følte eg i alle fall at eg meistra noko. Eg meistra ikkje så veldig mykje anna, men eg kunne i alle fall strikke, seier ho med eit smil.

Resultatet blei ei strikkebok med tittelen «Knitting Woman». Ei bok som ikkje berre består av strikkeoppskrifter.

– Den inneheld også historia min og kvifor eg gjer det eg gjer i dag. Den inneheld mine personlege erfaringar og historia som ligg bak kvar enkelte genser eller lue.

Ønskjer å inspirere

Skatvedt fortel at lidenskapen hennar for strikking blei ein viktig del av å kome seg gjennom kreftsjukdomen. Sjølv strikkar ho omtrent heile tida og overalt, til og med i tannlegestolen.

– Eg har tannlegeskrekk så eg likar å ha noko anna å fokusere på. Eg finn roa ved å strikke og slik trur eg det er for mange andre også, seier ho lattermild.

Men den nye boka er ikkje berre for strikkeentusiastar, seier Skatvedt.

– For fire år sidan hadde eg aldri trudd at eg skulle få til dei tinga eg gjer i dag. Difor håper eg at boka kan vere til inspirasjon for dei som for eksempel eller har andre utfordringar i kvardagen, og ikkje berre dei som strikkar, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL