Sondre Svensli
Foto: Daniel Kvalvik

– Motstanden motiverer meg

Først blei han tatt av snøskred og så fekk han kreft. Sondre Svensli (17) gir likevel ikkje opp draumen om å bli best i randonee og på sykkel.

Ei enorm kraft skyl over Sondre Svensli som ei bølge. Snømassane buldrar mot han og berre sekund seinare blir han dradd nedover bakken i full fart. Sondre rekk ikkje å tenke seg om før han er omgitt av kvitt. Munnen er full av snø. Desperat prøvar han å kjempe seg opp av dei tunge snømassane, men han må gi opp. Han ligg opp ned og snøen er så kompakt at Sondre så vidt greier å bevege kroppen. Det er to og ein halv meter snø mellom han og frisk luft.

– Eg skjønte at det var alvorleg og tenkte at det kunne ende dårleg, men eg hadde likevel tru på at det skulle gå bra. Eg greidde utruleg nok å roe meg ned slik at eg fekk pusta eit par djupe andedrag, seier han.

Så blir alt mørkt.

Desperat kamp mot snømassane

Sondre Svensli

Sondre har gått på ski så lenge han kan huske. Dette bilete er frå eit skirenn i 2015.

Foto: Privat

Vi må spole nokre år tilbake i tid. Datoen er 21.02.2013. Sondre Svensli frå Eidsvåg i Romsdal er 14 år og skal på skitur saman med onkelen, storebroren, eit søskenbarn og ein venn av broren. Planen er å ta turen til fjelltoppen Jamtetind som ligg i Nesset kommune i Romsdal. For rutinerte skigåarar er det ein relativt kort tur. Det er også ein fjelltopp som Sondre har gått på mange gongar før.

– Nokre venar av oss hadde vore der dagen før og hatt ein fantastisk tur i nysnø og strålande vêr, så då måtte nesten vi også ta oss ein tur, seier Sondre.

Det er ikkje like bra vêr denne dagen. Himmelen er grå og sola er ingen stad å sjå, men det stoppar ikkje dei ivrige turgåarane. Turen opp går smertefritt og dei tek seg ei kort pause på toppen for å nyte utsikta. Men det er VM og turfølget vil skunde seg ned igjen for å sjå om Petter Northug kan ta sigeren for Noreg. Dei bestemmer seg for å køyre den same løypa som andre har gjort før dei.

Medan turfølget startar nedkøyringa stoppar Sondre litt lenger oppe. Han hoppar utfor ein liten bergknaus, noko han har gjort mange gangar før. Når Sondre landar er det så mykje snø at han dett bakover og landar på rumpa. Han set stavane i bakken og skal akkurat til å stake seg opp av dei store snømassane då alt går gale. Eit snøskred kjem mot han i full fart og Sondre får så vidt tid til å tenke seg om. Så blir han tatt av skredet.

– Eg for rundt og rundt nedover fjellet og fekk munnen full av snø. Det var ein stressande situasjon der eg desperat prøvde å kave meg opp av snømassane for å få luft, seier han.

Turfølget redda livet hans

Ras

Sondre blir henta av helikopter og frakta til sjukehuset i Molde etter snøskredet i februar 2013.

Foto: NRK

Resten av turfølget kan ikkje gjere noko anna enn å stå makteslause og sjå på det som skjer. Heldigvis blir ingen av dei tatt av snøskredet. Sondre blir begravd i dei store snømassane og ført 400–500 meter nedover fjellsida.

Broren Arne Svensli er den første som kjem fram til staden der Sondre ligg begravd. Ut av dei store snømengdene stikk det ein skitupp. Det er truleg det som reddar livet til Sondre denne dagen.

– Ingen av oss hadde skredutstyr, men takka vere skituppen visste dei kvar dei skulle byrje å leite, seier Sondre.

Og med det startar ein dramatisk kamp mot klokka. Turfølget grev alt dei kan med hendene og prøvar å skjære i snøen med skia sine. Men det går ikkje fort nok og tida er i ferd med å renne ut. Etter 15 minutt når snøen framleis Sondre til hoftene. Dei må få han ut, og det så fort som råd.

Turfølget håpar ryggen hans toler belastninga og bestemmer seg for å prøve og drage han ut av snømassane. Dei tek eit godt tak under knea hans og rykker til. Det fungerer, og berre nokre minutt seinare er han laus. Han er blå i ansiktet, men i live. Sakte, men sikkert vaknar han igjen.

Det var dramatiske minutt i fjellet for ein fjortenåring frå Eidsvåg i Nesset i dag, Han blei begravd av eit snøras ved Jamtetind. Turfølget hans gjorde ein heltemodig innsats for å grave han opp. Etter eit kvarters graving blei ungguten funnen medvitslaus

Sjå tv-saka som blei laga den dagen Sondre blei tatt av snøskredet i 2013.

– Eg var heldig

Sondre blir henta av helikopter og frakta ned til den ventande sjukebilen som står klar for å ta han med til sjukehuset i Molde. Hovudpersonen sjølv er mest opptatt av å finne ut korleis det gjekk med Petter Northug i VM-løpet. Det er først når alt roar seg at det verkeleg går opp for han at han kunne ha mista livet den dagen.

– Eg var heldig som hadde med meg erfarne fjellfolk, elles kunne det gått veldig dårleg. Eg er utruleg takksam for den innsatsen dei gjorde den dagen, seier Sondre.

På sjukehuset viser det seg at Sondre utruleg nok er uskadd, med unntak av litt smerter i ryggen. Det einaste legane finn er ein stor milt, noko som ikkje skuldast ulukka. Det viser seg at 14-åringen har hatt kyssesjuka utan at han sjølv har vore klar over det. Sondre må bli på sjukehuset i to dagar, men allereie eit par veker seinare er han tilbake på topptur.

– Den første skituren etter ulukka var forferdeleg. Eg køyrde dårleg og hadde rett og slett litt for mange tankar i hovudet, seier han med eit smil.

Sondre Svensli

Sondre var ved eit mirakel uskadd etter å ha blitt begravd i eit snøskred i februar 2013.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Kreftdiagnosen kom som eit sjokk

Likevel tek det ikkje lang tid før Sondre trenar som normalt igjen. Han prøvar i alle fall. Månadene går, men Sondre merkar at ikkje alt er som det skal vere. Han er slapp, dagsforma er varierande og dei hovne lymfeknutane på halsen, som legane trudde skuldast kyssesjuka, forsvinn ikkje.

Han får beskjed om å kome inn for ein nærare sjekk og i april 2014 er Sondre tilbake hos legen. Det blir tatt vevsprøve av lymfeknutane, resultatet er kreft i skjoldbruskkjertelen, med spreiing til lymfeknutane. Truleg har han hatt sjukdomen i nærare to år.

– I ettertid har eg sett i treningsdagbøkene mine at forma har vore svært varierande og langt ifrå på topp, men eg følte meg normal så det kom sjølvsagt som eit sjokk. På det tidspunktet gjekk eg i kjellaren. Eg var lei og lurte på kor mykje motstand eg måtte tole, seier Sondre.

Tøffe år

I juni blir han sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim for operasjon. Sondre ligg på operasjonsbordet i seks timar, medan legane fjernar mellom 80 og 90 lymfeknutar, i tillegg til skjoldbruskkjertelen. Berre nokre veker seinare startar han å trene igjen og hausten 2014 byrjar Sondre på vidaregåande skule i Melhus. Det har vore to tøffe år, men Sondre har bestemt seg. 16-åringen er ikkje klar for å gi opp.

No har han brukt dei siste åra til å trene seg opp igjen.

– Sjukdomen har truleg påverka meg meir enn eg visste. Eg har ein heilt anna kvardag no enn tidlegare. Før var eg heilt slapp og utsliten når eg kom heim frå trening. No har eg framleis energi til kvardagen, seier han.

Vil snu det negative til noko positivt

På ein hybel i Melhus tek Sondre eit velfortent pust i bakken. Nok ein dag, tettpakka med skule og trening er over for 17-åringen som går toppidrett sykkel ved Melhus vidaregåande skule i Sør-Trøndelag. Denne våren fyller han 18 år, mot alle odds.

For Sondre har det blitt viktig å snu det negative han har opplevd så langt i livet til noko positivt. For sjølv om han opplevd både snøskred og sjukdom har han likevel oppnådd imponerande idrettsprestasjonar dei siste åra, både på sykkel og ski.

– Eg har hatt dagar der eg er dritlei av alt og spør meg sjølv: «Kvifor gjer eg dette når eg berre møter motstand?». Men eg har aldri vore typen til å gi opp. Eg sette meg eit mål om at eg skulle kome tilbake. Eg ville vise at det er mogleg å kome tilbake frå noko sånt, seier han bestemt.

I staden har han valt å bruke det han har opplevd som motivasjon for å satse vidare.

– Det har vore fleire situasjonar, for eksempel i idrett, at eg ikkje har vore den beste, men det har aldri stoppa meg. Eg står på til det ikkje går lenger. Det er ikkje så mange som har vore gjennom det same som meg så om eg greier det så er det kanskje ein større prestasjon, seier Sondre.

Men han innrømmer at vegen tilbake har vore utfordrande.

– Du ser alle andre yte maksimalt, medan du må halde litt tilbake. Det er sjølvsagt litt keisamt men eg prøvar å tenke at det nødvendigvis ikkje er i morgon eg treng å vere best, det er i framtida, seier Sondre.

Sondre Svensli

Sondre har vore aktiv innanfor sykkelsporten i fire år no. Dei to siste åra har han satsa på sykkelsporten. Sondre viser til høgre i biletet med grøn og raud skjorte.

Foto: Privat

Var aldri aktuelt å slutte

Sondre Svensli

Denne våren fyller Sondre 18 år. Trass i ein ung alder har guten frå Eidsvåg i Romsdal overkome meir enn dei fleste av oss gjer i løpet av eit heilt liv.

Foto: Privat

Enten det gjeld å trakke på sykkelen i fullt tempo eller å stå på ski ned stupbratte fjellsider er det ingenting som kan stoppe Sondre frå å følgje begge lidenskapane sine. Trass i at han kunne ha mista livet i snøskredet den skjebnedagen i februar 2013, eller at han fekk kreft året etter, har det aldri vore aktuelt for Sondre å slutte.

– Eg har aldri tenkt at det ikkje er verdt det. Eg har heller tenkt at det er verdt det. Det er verdt å gå på ski eller sykle, og heller gjere noko eg synest er artig enn å sitte på sofaen og ikkje gjere noko. Då er det betre å ta nokre risikoar og ha det gøy, seier han.

Sjølv om Sondre truleg må gå på medisinar resten av livet, ønskjer han no å sjå framover. Og ambisjonane er klare både for skigåing og sykkelsporten.

– Målet er å hevde meg blant seniorane i randonee. I tillegg jobbar eg for å kome til VM neste år. Når det gjeld syklinga håpar eg å bli så god at eg kan leve av det. Draumen er jo sjølvsagt å kunne sykle for eit profflag. No har eg brukt dei siste åra på å trene meg opp igjen, så eg er veldig spent på kva eg kan prestere i den komande sesongen, seier han.

– Ein er nøydd til å trene hardt dersom ein skal bli best på sykkel, men eg kjem til å kombinere dei to så lenge eg kan. Eg hadde aldri orka å sykle 365 dagar i året. Vinter og ski har alltid vore der, og eg kan kople heilt av når eg går på ski. Det er eit fint avbrekk i kvardagen, seier han med eit smil.

Sondre Svensli
Foto: Daniel Kvalvik