Hopp til innhold

– Slik skal vi lykkast etter oljen

Lokalt eigarskap blir viktig for å lykkast i framtida, viser Kine Berild Norheim si forsking. Tillit og fellesskapskjensle gjer at fleire våger å dele kunnskap, seier forskaren, som vil finne den sunnmørske gründer-formelen for å lukkast.

Kine Berild Norheim held fast i propellen på NMK

Kine Berild Norheim er stipendiat ved NTNU i Ålesund og er opptatt av den sunnmørske grunder-ånda i doktorgraden sin. Her held ho godt fast på at den blir ein viktig propell også framover.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Målet har vore å finne fram til korleis vi skal klare å bevare konkuransekrafta også under tøffe forhold, seier Berild Norheim.

Saman med ein kollega har ho intervjua 31 toppleiarar gjennom fleire år. Oljeprisen har sendt sjokkstøyt inn i den maritime klynga dei siste åra, men den har ikkje tatt bort eigenskapane som har gjort klynga verdsleiande i båtbygging og ny teknologi.

– Det er usikkert akkurat kva vi skal leve av, men det er heilt sikkert at vi treng innovasjon og nyskaping for å få det til, seier ho.

Kine Berild Norheim

Kine Berild Norheim skal delta i forskergrandprix 2017. Der skal ho formidle fleire års forsing på 4 minutter.

Foto: Frøy Myrhol / NTNU

50 timar med intervju har blitt kopla saman med kunnskapsbasert forsking, og ut av dette har det blant anna komme ut fire faktorar som ser ut til å ha vore viktig for suksessen så langt.

Viktig med tillit

– Dei to første er tillit og det å få føle at ein høyrer til. Når dei to tinga er på plass aukar innovasjonstakta raskt, fordi du deler på ein annan måte med dei du stoler på. Så kunnskapsdeling er det tredje. Det fjerde punktet er å ha leiarar som vågar å leggje til rette for dette og vågar å satse, sjølv om det kan gå gale. Har ein desse fire, har eit selskap kome langt, seier ho.

Arbeidet med denne doktorgraden starta før krisa var eit faktum og oljeprisen ramla frå 115 til 40 dollar fatet. Mykje har endra seg i måten leiarane svarar på, men forskaren meiner grunnhaldninga har vore den samme.

– Det vi kjenner som den sunnmørske haldninga - gründeranda som gjer at ein ønskjer å skape uansett, har stått sterkt gjennom heile perioden.

– Vi ser at det er mange som slit, vi skal ikkje bagatellisere det. Men som forskarar har vi det privilegiet at vi kan sjå vekk frå enkeltskjebner og sjå etter mønster. Det gjer at vi kan hente ut kunnskap for ei ny tid, med eller utan olje, seier ho.

Motivert av det grøne skiftet

Berild Norheim lar seg fascinere av fortida og korleis den marine og maritime klynga har blitt kopla saman gjennom at den eine veks medan den andre slit. Og korleis ny teknologi løyser gamle oppgåver.

– Kanskje kan vi i framtida ha lokalt bygde cruiseskip i Geiranger som ikkje forureinar. Slik at vi kan redde våre eigne fjordar, seier ho

– Det grøne skiftet blir viktig. Og her kan verkeleg bedriftene på kysten vise fram evnen sin til å vere innovative igjen og igjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL