Hopp til innhold

– Sjukehusa treng sterk lokal leiing

Professor i helseøkonomi, Terje P. Hagen, meiner Helse Møre og Romsdal har vald ei organisering som er for lite eigna til å handtere dei økonomiske vanskane i føretaket. Han meiner ei sterk leiing ved kvart sjukehus ville ha større autoritet.

Terje P. Hagen

Terje Hagen er professor ved avdelinga for helseleiing og helseøkonomi på Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sommaren har vore ei tøff økonomisk tid for Helse Møre og Romsdal, som også frå før har slite økonomisk. Helseføretaket treng å stabilisere økonomien, mellom anna for å få råd til å bygge det nye sjukehuset i Molde. Samstundes fører gamle bygningar ved sjukehuset i Ålesund til nye økonomiske utfordringar. Berre hastearbeidet med å fornye fasaden gjev Helse Møre og Romsdal ei økonomisk utfordring på 250 millionar kroner.

– Bør sjå på leiarstrukturen

Helse Møre og Romsdal styrer mot eit underskot i 2017 på 111,1 millionar kroner. Men det krev at føretaket får kontroll på økonomien i september, oktober, november og desember. Slik kontroll ville vere lettare å skape med ei anna organisering, meiner helseprofessoren.

– Helse Møre og Romsdal bør sjå på leiarstrukturen på nytt. Den aktuelle utfordringa handlar om å få aktiviteten ned. Då bør det vere ein direktør ved kvart sjukehus som har fullt ansvar for kostnader og aktivitet, seier professor Terje Hagen.

Volda sjukehus

Då Helse Møre og Romsdal gjekk over til ei tverr-organisert sentral leiing fekk sjukehuset i Volda prøve å ha ein lokal driftsleiar. Denne ordninga vert vidareført. Frå 1. september har også sjukehuset i Molde ein lokal driftsleiar.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Få tilbake kontrollen på aktiviteten

Helse Møre og Romsdal har vore gjennom ei omfattande omorganisering. Klinikkane er organiserte på tvers av føretaket, der klinikksjefane styrer sine fagområde ved fleire sjukehus.

– Det er varierande erfaringar med å fjerne lokal leiing og å organisere leiinga av klinikkane fagvis. I Vestre Viken såg ein for nokre år sidan at ein med denne forma for organisering ikkje klarte å halde grepet om aktivitet og kostnadsutvikling. Der måtte ein gå tilbake til leiing ved kvart sjukehus. Då fekk dei tilbake kontrollen med aktivitet og kostnader.

– Sentral leiing har mindre autoritet

I dag skal styret i Helse Møre og Romsdal vedta ein plan for korleis helseføretaket skal få kontroll på den økonomiske utviklinga igjen. Det skal etablerast eit innsatsteam ved klinikkane og staben og det skal arrangerast månadlege omstillingsmøte. Alle stillingsutlysingar skal godkjennast sentralt. Alle leiarane skal forpliktast til å arbeide for økonomisk balanse, og budsjettarbeidet for 2018 skal risikovurderast.

Hagen trur det ville vere lettare å få til ei omstilling med ei sterkare leiing ved kvart einskilt sjukehus.

– Aktiviteten må ned og dette må styrast ved kvart sjukehus. Det er vanskeleg å gjere dette frå Ålesund. Leiinga i Ålesund vil ikkje ha den autoriteten som ein lokal leiar vil ha. Der er sjølvsagt behov for koordinering mellom sjukehusa. Men dette kan ein få til med andre verkemiddel, seier Hagen.

Ålesund sykehus sjukehus

Mange av poliklinikkane i Ålesund ligg her på nordsida av sjukehuset. Terje P. Hagen meiner at mykje av den polikliniske verksemda bør flyttast over på fastlegane.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– For svakt verkemiddel

For å bøte på utfordringane med ei sentralisert leiing valde Helse Møre og Romsdal tidleg i 2017 å etablere ei lokal leiing i Volda som eit prøveprosjekt. Dette prosjektet er vidareført. Og frå 1. september har også Molde sjukehus fått ein lokal driftsleiar. Desse driftsleiarane har ikkje budsjettansvar.

– Dette er eit for svakt verkemiddel. Denne rolla har ikkje den autoriteten som trengst for å halde aktiviteten i taumane, seier Hagen.

– Bør ha overskot

Terje Hagen ser ikkje på årets underskot isolert sett som noko enormt og uoverstigeleg problem. Underskotet utgjer om lag to prosent av driftsinntektene. Men Helse Møre og Romsdal har vore under økonomisk press over lang tid, og helseføretaket står framfor omfattande investeringar både i Molde og Ålesund.

– Slik sett er dette ein alvorleg situasjon. Det skal gjerast svære investeringar i Molde og sjukehuset i Ålesund skal fornyast. Helseføretaket bør nok opp i veit overskot på ein stad mellom 4 til 7 prosent kvart år. for å klare desse investeringane, seier Hagen.

Nytt sjukehus Molde

Helse Møre og Romsdal står framfor omfattande investeringar og treng overskot dei komande åra. Den absolutt største investeringa er bygginga av nytt sjukehus i Molde.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Aktiviteten må ned

Professoren ved Universitetet i Oslo trur absolutt det er mogleg å få til ei omstilling ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Helseføretaket driv ifølgje Hagen kostnadseffektivt med utgifter for kvar pasient om lag som landsgjennomsnittet

– Problemet ser ut til å vere at aktiviteten er høgare enn det er planlagt for. Møre og Romsdal har fleire polikliniske konsultasjonar enn det som er vanleg for ei tilsvarande befolkning i resten av landet. Det er også relativt høg aktivitet innan ortopedisk kirurgi, seier Hagen.

– Talet på tilsette må ned

Hagen anbefaler Helse Møre og Romsdal å få denne aktiviteten med ein påfølgjande reduksjon i talet på tilsette.

– Fleire føretak forsøkjer å få meir av den polikliniske aktiviteten over på fastlegane. Innan ortopedi blir mykje av behandlingane gjort i privat sektor på kontraktar med Helse Midt-Noreg. Dermed er mykje av det utanfor Helse Møre og Romsdal sin kontroll. Men dei offentlege sjukehusa bør ta ned aktiviteten på dette feltet når det skjer så mykje på dei private, seier Hagen.

– Små sjukehus er ofte effektive

Professoren legg ikkje særleg vekt på at Møre og Romsdal har ein omfattande sjukehusstruktur, der det i dag er sjukehus både i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Aktivitet fordelt å¨fire forskjellige lokalitetar kan vere kostnadsdrivande. Men dette er ifølgje Hagen ikkje hovudutfordringa.

– Mange akuttsjukehus kan vere ei utfordring for kostnadene. Men små sjukehus viser seg ofte å ha svært effektiv drift. Då sjukehusa var sjølvstendige institusjonar var Volda sjukehus eit av dei mest kostnadseffektive sjukehusa i landet.

– Ikkje samd

Styreleiar Stein Kinserdal i Helse Møre og Romdal er ikkje samd i kritikken og viser til at dei har gått nøye gjennom måte helseforetaket vert styrt på.

– Utfordringa er å få ei gjennomgåande forståing i heile organsiasjonen til å halde seg til budsjett, seier Kinserdal.

Han veit kva han snakkar om. Som sjukehusdirektør har han vore gjennom dette ved mange andre sjukehus dei siste 20 åra, men på Nordvestlandet slit han.

– Det er ikkje nok forståing i organisasjonen. Vi snakker om eit par prosents innsparing for å få ein heilt ny og betre kvardag, seier styreleiaren.