Hopp til innhold

– Rekorden min vert nok ståande lenge

Ingrid Kirkevåg (81) har 2104 fjellturar bak seg i 2014. I 2015 har ho planar om å trappe ned og heller slappe meir av i sofaen. Ho må berre opp og skrive «Godt nytt år» i fjellboka først.

Ingrid Kirkevåg på Bremsneshatten

Ingrid Kirkevåg (81) frå Averøya har teke ny personleg rekord med 2104 turar på Bremsneshatten i 2014.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– I dag har eg luffa meg ein tur, og då vart det 2104 turar i år, seier Ingrid Kirkevåg frå Averøya på Nordmøre beskjedent.

Dermed vart 2014 eit rekordår for den spreke 81-åringen. Kvar dag, og gjerne fleire gonger for dag, har ho gått opp på fjellet Bremneshatten på Averøya. I år hadde ho som mål å slå rekorden frå i fjor, på 1600 turar. Men så vart det litt til.

– Har eg gått dagen før, kan eg ikkje vere verre den neste. Eg berre må må må, forklarer ho.

Ingen lett tur

Fjellet er ikkje av det høgaste i fylket, og ruvar berre 130 meter over havet. Men ein lett tur, det er det ikkje. Fjellet er eit populært mål for klatrarar, men det er også mogeleg å kome til toppen utan å måtte klatre.

81-åringen bur åleine og går som regel åleine på tur, men på fjellet treff ho alltid mykje folk.

I oktober hadde dronninga av Bremsneshatten vore der 1762 gongar, då ho var med på eit innslag i «Norge Rundt».

– Eg har fått mange tilbakemeldingar om at folk synest det var artig å sjå meg på fjernsynet, ler Ingrid Kirkevåg.

Les også:

Det å gå fjellturar er populært som aldri før, men nokre tar det lenge enn andre.

Sjå innslaget om Ingrid Kirkevåg då ho i oktober hadde nådd toppen av Bremsneshatten 1762 gongar.

– Eg har vore litt lat i jula

Sidan oktober har ho halde fram med å gå, men i jula har ho lege litt på latsida, ifølgje seg sjølv.

– Eg har vore litt lat i jula, så i dag var det tungt å gå. Det merkast når eg har hatt tre dagar med pause frå fjellgåinga.

Trass i ei pause på tre dagar, der ho stivna litt til, vart 2014 vart avslutta med nok ein tur på Bremsneshatten for den spreke dama på nyttårsaftan.

På spørsmål om korleis ho klarer å halde seg så ung og sprek, ler ho berre.

– Eg føler meg ganske gamal i kveld. Eg var så stiv og støl at eg måtte berre slenge meg på sofaen då eg kom att.

Ingrid Kirkevåg går på Bremsneshatten

Ingrid Kirkevåg (81) går som oftast åleine opp på Bremsneshatten. Mange gongar har det vorte fleire turar for dag i 2014.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nedtrapping i 2015

Sjølv om Bremsneshatten er eit populært turmål for både gamal og ung, er det nok tvilsamt at nokon klarer å slå rekorden til Ingrid Kirkevåg på 2104 turar i 2015. Ho sjølv, vil ikkje prøve å ta ny rekord i året som kjem.

– Ein vert eit år eldre kvart år. I 2015 skal eg trappe ned, no skal eg bruke meir tid på å løyse kryssord og slappe av i sofaen.

Du skal ikkje opne året med ein liten fjelltur, då?

– Jau, kanskje. Om det ikkje vert altfor mykje regn i morgon må eg opp og skrive «Godt nytt år» i fjellboka, ler 81-åringen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL