NRK Meny
Normal

Ingrid (81) har gått på same fjellet 1762 gongar hittil i år

Det å gå fjellturar er populært som aldri før, men nokre tar det lenge enn andre.

Det å gå fjellturar er populært som aldri før, men nokre tar det lenge enn andre.

Sjå tv-saka: Ingrid (81) har gått så mange turer til Bremsneshatten at ho skjemmes.

Ingrid Kirkevåg på Bremsneshatten

Kirkevåg går på Bremsneshatten fleire gonger per dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ingrid Kirkevåg er forsiktig med å seie kor mange fjellturar ho har gått i år.

– Då kjem du til å tru at eg er tullete, seier ho.

Ho er dronninga av turmålet Bremsneshatten på Averøya. Og dit går ho gjerne fleire gonger kvar dag. Hittil i år har ho vore der 1762 gongar.

Fjellet er ikkje av det høgaste i fylket, og ruvar berre 130 meter over havet. Men ein lett tur, det er det ikkje.

Populært for klatrarar

Fjellet er eit populært mål for klatrarar, men det er også mogeleg å kmme til toppen utan å måtte klatre.

81-åringen går dit så ofte at ho ikkje tør å skrive ned i boka kor mange gonger ho har vore der i år. Ho utelet alltid å skrive heile talet.

– Eg er vel redd for kva folk skal seie, og at dei trur at eg berre går og går og går og går.

Fleire turar for dag

Då klokka passerte ni om morgonen var ho allereie på tur nummer to for dagen. Og når klokka blei halv elleve var det tid for den tredje. Men ho rakk ein kaffi mellom all gåinga.

– Det er betre å gå enn å ligge på sofaen, meiner Kirkevåg, og legg til at det er nok på Bremsneshatten ho kjem til å gå igjen, når den tid kjem.

Ingrid Kirkevåg går på Bremsneshatten

Ingrid Kirkevåg kjem nok ikkje til å slutte å gå på Bremsneshatten med det same. Denne turen går ho uansett kva vêrforholda er.

Foto: Eirik Haukenes / NRK