Hopp til innhold

– Norske barn i utlandet blir forskjellsbehandla av staten

Reidar Inselseth såg inga anna løysing enn å ta barna ut av den norske skulen etter at dei innførte skulepengar. No håper han at politikarane vil ta grep.

Ligita Inselseth, Marius Inselseth og Reidar Inselseth.

Mor Ligita Inselseth og far Reidar Inselseth saman med den yngste sonen Marius.

Foto: Privat

Globalskolen tilbyr nettbasert fjernundervisning til norske barn som bur i utlandet. I 17 år har skulen undervist elevane i fag dei ikkje finn i dei landa dei bur i.

Reidar Inselseth og familien hans bur i Litauen. Dei siste 19 åra har han budd utanfor Noreg, og då barna kom i skulealder var han glad for at Globalskulen fanst.

Nettskulen er basert i Volda, men tilbyr undervisning som norske barn i utlandet får i tillegg til vanleg skule. I overgangen mellom 2014 til i år blei tilskotet deira kutta med 700 000 kroner.

Tok barna ut av skulen

Julia Inselseth

Reidar Inselseth fortel at dei var veldig nøgde med skulen. Dottera Julia (på bildet) gjekk der i ni år.

Foto: Privat

Og det var då skulen sende faktura ut til familiane – skulepengar vart nødvendig.

– Vi valde å seie takk for oss, og heller undervise barna våre sjølve. Det er synd, for vi har vore kjempeglade i Globalskulen, seier Inselseth, som har hatt to barn i skulen.

Eldste dottera hans, Julia, har gått der i ni år, og sonen Marius i sju. Faren fortel at det ikkje berre handlar om den ekstra utgifta, men også om forskjellsbehandling.

Han meiner at staten behandlar norske barn i Noreg og dei norske barna som bur i utlandet ulikt.

– Det er som om staten ikkje har interesse av at norske barn i utlandet ikkje skal ha det same tilbodet som norske barn i Noreg. Det er veldig merkeleg, seier han.

Han meiner at dei norske barna hans i Litauen har dei same krava som norske barn i Noreg til å få gratis undervisning i faga dei treng for å kunne skli rett inn i norsk skule igjen.

Avhengig av hjelp

Lilli Brenne Røv - rektor ved Globalskolen

Rektor ved Globalskolen, Lilli Brenne Røv.

Foto: Globalskolen.no

Den Volda-baserte skulen er avhengig av tilskot frå Utdanningsdirektoratet for å overleve. Rektoren, Lilli Brenne Røv, har tidlegare fortalt til NRK at det er fortvilande å måtte krevje pengar frå elevane. Men dei har ikkje sett noko anna alternativ.

Både Inselseth og Røv ønskjer at politikarane skal sjå på dette tilbodet igjen.

Tysdag fortel Røv at dei har fått inn endå fleire avmeldingar sidan sist. Dei har også levert ut ei foreldreundersøking der veldig mange har svart at det er synd at dei har innført skulepengar.

Ifølge Utdanningsdirektoratet har Stortinget har fastsett ei øvre grense for kor mange elevar som kan delta i skulen, og størrelsen på tilskotet er avhengig av kor mange elevar dei har. Difor er summen redusert.

– Både eg og foreldra håper at dette kjem til å endre seg. Ingen har krav på å få gratis skule når dei bur i utlandet, og mange av våre elevar har nok blitt med fordi tilbodet ikkje har kosta noko, seier rektoren.

– Vi har fått tilbakemeldingar om at elevane sklir betre inn i skulen når dei kjem tilbake til Noreg. Hvis ein ikkje har dette tilbodet er det nok større sjanse for at det blir mykje vanskelegare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL