Hopp til innhold

– Nordøyvegen er sjølvfinansierande

Ein rapport frå analyseselskapet Deloitte viser at å bygge ut Nordøyvegen vil svare seg økonomisk. Etter få år vil prosjektet vere sjølvfinansiert for fylkeskommunen. Det er næringslivet på øyane som har fått utarbeida den uavhengige rapporten, som går gjennom heile kostnadsbildet med å bygge ut Nordøyvegen.