– Mykje positivt

Fylkesordførar Jon Aasen stiller seg positiv, men også litt avventande, til planen om kva oppgåver fylkeskommunane skal få etter regionreforma. Fylkeskommunane får overført nye oppgåver innan samferdsle, helse, næringsutvikling og kultur. – Mæland har lagt fram mange gode tankar, men alt er ikkje uttenkt. Og det brukar ikkje å følgje med nok pengar når fylka tek over oppgåver frå Staten, seier Aasen. Veldig mykje av det som er tenkt overført til fylkeskommunane skal ut på nye rundar med utgreiing. Aasen meiner regjeringa heilt klart legg opp til at fylkeskommunane skal ha store nok og interessante nok arbeidsoppgåver til at forvaltningsleddet skal oppretthaldast. – Dette er gode tankar om alt blir gjennomført og mange statlege arbeidsplassar blir flytta ut til regionane, seier Aasen.

Portrett av Jon Aasen
Foto: Sissel Brunstad / NRK