– Mindre utfart i dag
Raude Kors melder om ein roleg dag i Møre og Romsdal. Dei har berre hjelpt éin person. Raude Kors sine vakthavande seier det har vore mindre utfart i fylket i dag enn tidlegare i veka. Grunnen er truleg dårlegare ver. Mellom anna har sterk vind prega fleire stader.