– Må ikkje snakke ned næringa
Det er ei forgubbing i sauenæringa i fylket og fare for at rekrutteringa kan svikte. Det er att vel 1000 sauebønder men leiar i Møre og Romsdal Sau og geit, Hilmar Kleppe, åtvarar mot å snakke ned næringa. – Vi treng rekruttering og må ikkje sende signal om at vi skal bygge ned næringa berre på grunn av overskot på sauekjøt eit år eller to, seier Kleppe.