Hopp til innhold

– Låg valdeltaking er eit demokratisk problem

I seks av kommunane i Møre og Romsdal var det under halvparten av dei røysteføre som stemte ved fylkestingsvalet. No opnar fylkesordføraren for å ha kommune- og fylkestingsval samstundes med stortingsvalet.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap).

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Valglogo

Dette er kommunane som hadde lågast valdeltaking i fylkestingsvalet i Møre og Romsdal:

  • Fræna – 47,4% valdeltaking
  • Eide – 46,9 % valdeltaking
  • Ålesund – 49,2 % valdeltaking
  • Herøy – 46,2 % valdeltaking
  • Aukra – 49,8% valdeltaking
  • Ørsta – 49 % valdeltaking

I alle desse kommunane var valdeltakinga på under 50%. Fylkesordførar Jon Aasen seier at den låge valdeltakinga har gjort inntrykk på han.

Det verkar som om fylkestingsvalet ikkje betyr noko for det daglege livet til folk. Det verkar som om det er uinteressant. Og det beklagar eg. Det er eit demokratisk problem.

Valdeltakinga i fylkestingsvalet var rekordlåg i Møre og Romsdal. Jon Aasen har tidlegare argumentert mot å slå saman kommune- og fylkestingsvalet med stortingsvalet. No har han snudd.

Eg trudde at kommune- og fylkestingsvalet ville kome til å drukne i rikspolitiske saker ved ei samanslåing. Etter mitt syn dominerer dei rikspolitiske sakene dette valet allereie. Så no har eg mista dette argumentet.

Så dermed meiner du vala kan slåast saman?

– Dersom dette fører til auke i valdeltakinga er motstanden min mot samanslåing sterkt svekka.