Hopp til innhold

– Kan vere ei uskuldig forklaring

Saka om den døde selen på Valderøya har provosert mange. Men kan det vere at sjødyret ikkje vart mishandla likevel?

Mishandlet sel

Ein død sel festa med eit tau i halsen og snitta opp langs ryggen. Det var synet som møtte familien Wiggen under ein gåtur på Valderøya utanfor Ålesund.

Foto: Håvard Jangaard

Pauline Wiggen og familien hennar møtte eit spesielt syn då dei var på tur i fjøra Oksebåsen, ei øy like ved Valderøya utanfor Ålesund.

– Eg tenkte med ein gong at dette har nokon gjort med vilje, sa Pauline Wiggen til NRK måndag.

Men det kan vere ei anna forklaring på kvifor selen hadde tau rund halsen og stjerneforma snitt langs ryggen.

– Kan vere ei enkel forklaring

Eirik Grønningsæter

Fuglekikkar Eirik Grønningsæter trur det kan vere andre årsaker enn dyremishandling bak den døde selen på Valderøya på Sunnmøre.

Foto: Eirik Grønningsæter / WildNature.no

Fuglekikkar Erik Grønningsæter meiner òg at dette er gjort med vilje, men ikkje at det er ei grotesk handling. Han oppdaga selen på Facebook.

– Eg forstår at bileta av selen vekkjer reaksjonar hjå folk, men forklaringa på dette er nok enklare enn folk trur, seier fuglekikkaren.

Han trur at ein fotograf har lagt ut åtsel for å trekkje til seg dyr og fuglar. Ifølgje Grønningsæter er dette ganske vanleg.

– Eg trur at dette er gjort av folk som er interesserte i å ta bilete av fuglar, og kanskje spesielt ørn. Det kan sjå grotesk ut, men eg trur ikkje at dette er gjort med groteske baktankar, seier fuglekikkaren.

Trur ikkje at selen er kvelt

Ifølgje Grønningsæter er ikkje sel det mest vanlege å bruke i slike samanhengar, og han legg til at selen er nok knytt fast med tau fordi rev eller andre dyr ikkje skal drage den med seg.

– Fisk eller påkøyrde rådyr eller hjort er vanlegare å bruke enn sel, vil eg tru. Enkelte får rådyr eller liknande frå viltnemnda. Men skal ein drive med dette i stor stil skal ein ha løyve. Det er òg normalt å avtale med grunneigarar, slik at det ikkje vert misforstått av andre, seier Grønningsæter.

Det er lov å jakte på sel i store delar av Møre og Romsdal, og Grønningsæter trur at selen er eit jaktbytte som har blitt brukt som åtsel. Han seier at grunnen til at selen er snitta i ryggen er fordi skinnet er seigt og vanskeleg å kome gjennom. Difor gjer snitta det enklare for dyr å ete kjøtet.

Han trur at i dette tilfellet har situasjonen blitt nettopp det – misforstått. Men han seier og at skal ein drive med naturfotografi og bruke åtsel for å trekkje til seg dyr så bør ein rydde opp etter seg.

– Tvilsamt

Audun Lie Dahl

Audun Lie Dahl i Smøla Naturopplevelser tviler på teorien om at det er fuglefotografar som står bak.

Foto: privat

Smøla Naturopplevelser forskar på ørn og driv med ørnefotografering på internasjonalt nivå. Medeigar Audun Lie Dahl er skeptisk til teorien til Grønningsæter.

– Det er tvilsamt. For meg ser det ut som ei grotesk handling der nokon har hatt det artig med å skjere i selen, seier han.

Ifølgje Lie Dahl er det ingen grunn til å gjere snitt i ein død sel for å gjere tilgangen lettare for havørna.

– Ørna er eit åtseldyr og kan få i seg maten anten skinnet er på eller ei, seier han og legg til at han ikkje har høyrt om liknande tilfelle før.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL