Hopp til innhold

– Kan ikkje tvinge alle inn under prideflagget

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) meiner det er feil av Likestillingsombodet å refse Ålesund kommune for å seie nei til pride-flagging på skulane.

Ho meiner likestillingsarbeidet tek feil retning når markeringa av likestilling, mangfald og kjærleik blir knytt opp mot bruken av regnbogeflagget.

Klinge krev respekt også for dei som vil la vere å bruke eit flagg, som ho meiner er nært knytt til organisasjonen FRI og som står for haldningar ho ikkje deler.

– Eit likestillingsombod i eit demokratisk land med meiningsfridom bør vere oppteken av at alle har like rettar til å uttrykke meiningane sine. Då blir denne meiningstvangen, der alle skal inn under det same flagget, problematisk, seier Klinge til NRK.

Klinge seier at bruken av regnbogeflagget ikkje berre handlar om mangfald, likestilling og kjærleik.

– Det finst fleire måtar å markere likestilling og mangfald på enn å vifte med eit bestemt flagg. Og ein må vite at det ligg ein ideologi bak dette flagget. Denne ideologien er knytt til organisasjonen FRI. Og det er mykje problematisk som er knytt til radikal kjønnsideologi, at vi ikkje har det kjønnet vi har, men det kjønnet vi føler og at sårbare menneske må ta operasjonar for å føle seg bra nok, seier Klinge.

Klinge seier at det er viktig at skulane arbeider med likestilling og toleranse.

– Men vi kan ikkje tvinge alle inn under pride-flagget. Dette gjeld både barna og foreldra. Og det blir feil at alle skal vere nøydde til å markere dette på ein bestemt måte, seier ho.

Men likestillingsombod Bjørn Erik Thon seier at måten han har reagert på overfor Ålesund kommune ligg til kjerneoppgåvene hans?

– Her medverkar Likestillingsombodet til det moralske ramaskriket som brer seg i samfunnet, der alle som er likestillingsorientert og tolerante og for mangfald, men som ikkje vil feire på ein bestemt måte, blir stempla som intolerante, hatefulle og håplause. Dette bør Likestillingsombodet halde seg for god for, seier Klinge til NRK.

Jenny Klinge
Foto: Terje Reite / NRK