Hopp til innhold

– Ingen ekstra pengar til vegane

I framlegget til statsbudsjett er det ingen ekstra pengar til å stoppe forfallet på vegane i Møre og Romsdal neste år.

Kjetil Strand

– Det vert ikkje oppstart av nye, store prosjekt neste år, seier regionvegsjef, Kjetil Strand.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Regionvegsjef Kjetil Strand seier aktiviteten held fram for fullt på dei store vegprosjekta som er i gang. Men ingen nye prosjekt er med..

– Nei, det er det ikkje. Dette er eit heilt forventa budsjettforslag ut ifrå det handlingsprogrammet vi la fram for tre veker sidan, seier Strand.

Aktiviteten vil halde fram på Tresfjordbrua, ny Vågstrandstunnel, fullføring av Oppdølsstrandtunnel og Hjartåberga.

– Det vert ikkje oppstart av nye, store prosjekt neste år. Men det blir midlar til å avslutte mange prosjekt, og framleis stor aktivitet på det som er i gong, fortel regionvegsjefen.

Korleis er dette i forhold til forventningane de hadde?

– Det er heilt i tråd med handlingsprogrammet vårt. Dei fleste store, nye prosjekta i vår region er planlagt å kome i 2016, seier Strand.

Tresfjordbrua - Vågstrandstunnelen

Aktiviteten vil halde fram for fullt på prosjekt som Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen.

Foto: Pressefoto

Statsbudsjettet: Hovudpunkta om samferdsel i Møre og Romsdal

Kvivsvegen – E39

Til E39 Kvivsvegen er det foreslått ei statleg løyving på 18,9 millionar kroner. Prosjektet vart opna for trafikk i september 2012. Midla i 2014 vil gå til restarbeid.

Ein om lag 6,5 kilometer lang tunnel, tre korte tunnelar og to bruer inngår også i prosjektet.

Skredsikring Hjarbåberga

66 millionar kroner er foreslått som statleg løyving til skredsikringsprosjektet E39 Hjartåberga i Volda kommune. De foreslåtte midla går til restarbeid.

Kvileplass på Digernesskiftet

For 2014 er det elles prioritert midlar til å fullføre utbetringa av E39 på strekningen Geitvika – Årset. Innenfor forslaget til riksveginvesteringer i 2014 er det sett av midlar til døgnkvileplass for tungtrafikken på E39 ved Digernes.

Sluttføring Batnfjordsøra – Krifast

For prosjektet E39 Astad – Knutset i Gjemnes kommune er det for 2014 sett av statlege midlar til restarbeid og sluttfinansiering, medrekna tilbakebetaling til bompengeselskapet.

Tresfjordbrua – Vågetunnelen

604 millionar kroner er til saman foreslått til prosjektet E 136 Tresfjordbrua og E136 Vågstrandstunnelen.

På E136 er det elles sett av statlege midlar til trafikksikring i Tresfjorden og til utbetring av Hjelvikbruene.

Avinor finansierer gangveg på Vigra

På riksveg 658 Gjøsund – Røysa i Giske kommune leggjast det opp til å starte bygging av gang- og sykkelveg med forskotterte midlar frå Avinor AS.

Opdølsstranda

240 millionar kroner er foreslått for å vidareføre prosjektet ”Riksveg 70 Oppdølstranda” i Sunndal kommune. Prosjektet omfattar ei 9 kilometer lang strekning, der 7,6 kilometer skal leggjast i tunnel. Anleggsarbeidet starta i august 2011, og prosjektet ventast opna for trafikk i juni 2014.




SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL