Hopp til innhold

– Ikkje spesielt mykje politi

Politiet i Møre og Romsdal avviser at det var spesielt stort politioppbod i samband med kongebesøket i Herøy i dag. NRK mottok i dag fleire tips om at tryggleiken såg ut til å vere ekstra stor. Ein båt skal ha hatt væpna politifolk ombord, og politi sto tett saman og skjerma Kongen mot publikum. – Dette var planlagt som eit normalt VIP-besøk saman med livvaktlaget på Slottet. Det ligg ikkje føre nokon uvanlege vurderingar av nokon trusselsituasjon, seier operasjonsleiaren ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Politioppbud kongebesøk
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL