Hopp til innhold

– Har blitt fråstolen historia mi

Kunstnar Terje Olsen synest det er trist å ha mist delar av livsverket sitt. Natt til fredag har nokon brote seg inn i forretninga hans i Ålesund og forsynt seg av minst seks måleri.

Terje Olsen
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Inngangsdøra i Nedre Strandgate i Ålesund er knust og tilbake står innehavar av Terje Olsen Design og Illustrasjon minst seks måleri fattigare.

– Eg har det ikkje godt no, seier Terje Olsen, som sjølv har måla bileta.

Glad i bileta

Innbrot Nedre Strandgate

Glaset på inngangsdøra i Nedre Strandgate i Ålesund er knust etter innbrotet natt til fredag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Terje Olsen

Terje Olsen håper måleria vil kome til rette igjen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Måleria med maritime motiv hadde Terje Olsen brukt år på å bli ferdig med. Då er det ekstra surt at dei er borte.

– Det er som å bli fråstolen historia. Eg var glad i bileta og har eit forhold til motiva.

Olsen vil ikkje gå inn på kor verdifulle måleria var, fordi det er ei politisak.

Politiet har undersøkt forretninga til Terje Olsen fredag morgon og har allereie søkt etter gjerningspersonane.

– Vi har foretatt undersøkjingar og vil undersøkje tekniske spor vidare, seier kriminalteknikar Kurt Kim Stige ved Sunnmøre politidistrikt til NRK fredag morgon.

Politiet ønskjer tips

Han kan ikkje seie noko om det er ein eller fleire personar som har stole måleria, men politiet har grunn til å tru at motivet for tjuveriet er å selje måleria vidare.

Kurt Kim Stige

Kurt Kim Stige undersøkte forrestninga til Terje Olsen fredag morgon.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Motivet er nok i utgangspunktet sal. Men slike måleri er lett sporbare gjenstandar. Det er nok ikkje så lett å selje måleria utan at dei blir kjent att.

Politiet etterforskar saka og ønskjer tips frå publikum.

– Dersom nokon har høyrt eller observert noko i området mellom Torghallen og Kirkegata i tidsrommet 04.30-05.00 natt til fredag, ønskjer vi tips om det, seier Stige.

I Nedre Strandgate tettar innehavar Terje Olsen inngangsdøra til forretninga si slik at han får halde ope.

– Etter å ha snakka med etterforskaren som har vore her, kan det verke som dette kan ha vore planlagt over litt tid.