– Få trafikkvanskar med nattestengt tunnel

Etter to veker meiner samferdselsavdelinga nattestenginga av Fannefjordtunnelen går betre enn venta. På grunn av vedlikehald skal tunnelen vere stengt om natta i eitt år, og det har skapt sterke reaksjonar hos brukarane.

Fannefjordtunnelen

Fannefjordtunnelen blir nattestengt i nærare eitt år på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Foto: NRK
Magne Hanestadhaugen og Ingebjørg Nergaard

Magne Hanestadhaugen og Ingebjørg Nergaard er rådgjevarar i samferdselsavdelinga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi ser at det så langt har gått bra utan store forseinkinga, seier rådgjevar i samferdselsavdelinga, Magne Hanestadhaug

Tunnelen er stengt mellom klokka 18 og klokka 06 kvar dag. Dermed må bilistar som skal reise mellom Bolsøya eller Skålahalvøya og Molde finne andre alternativ.

Hurtigbåtruta er eitt av tiltaka som er sett opp for å ta unna noko av trafikken, og to veker etter at ordninga startar opp, meiner samferdselsavdelinga altså at overgangen har gått lettare enn mange frykta.

– Vi ser at det er mange som brukar hurtigbåten, det er om lag 100 personar som reiser kvar dag, og tilbakemeldingane frå reiarlaget er at passasjerane er fornøgde.

Mange brukar «Fram flexx»

Også tilbodet om å bestille billigare drosje eller minibuss til aktivitetar når tunnelen er stengt, har vore mykje brukt. Ifølgje samferdselsavdelinga har nær 200 personar nytta seg av bestillingstenesta Fram flexx så langt.

Rådgjevar Ingebjørg Nergaard seier tilbakemeldingane har vore gode.

– Vi var veldig positivt overraska over at så mange har brukt dette tilbodet, seier Nergaard.

I tillegg registrerer dei at personbil- og tungtrafikken har gått ned på Sølsnes-Åfarnesferga på kveldstid, utan av Molde-Vestnes har blitt overbelasta, noko som var ei uro på førehand.

– Det har ikkje vore eit problem så langt vi har registrert no, men vi vil få fortløpande trafikktal slik at vi kan vurdere dette, seier Hanestadhaug.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.