Hopp til innhold

– Eldre kan miste makt i storkommunane

Pensjonistforbundet uroar seg for at eldre kan misse påverknad i dei nye slegne saman kommunane.

Pensjonistar

Å vere pensjonist kan vere ein god tid. Men Pensjonistforbundet fryktar at pensjonistane skal få mindre å seie i dei nye, store kommunane.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Det er store variasjonar i kva tilbod dei eldre har i Kommune-Noreg. Nokre kommunar er godt utbygde med sjukeheimsplassar og andre omsorgstilbod. Men situasjonen kan bli endra når ein kommune med gode tilbod blir slått saman med ein kommune der tilbodet ikkje er fullt så godt.

– Dette er ei sak som er viktig for oss. Det er ikkje tvil om at det blir ein ny situasjon for dei eldre når kommunegrensene blir utvida, seier styreleiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, Mellvin Steinsvoll.

Leiaren i Pensjonistforbundet åtvarar no mot sentralisering av tilboda i dei nye, store kommunane.

– Det blir ikkje betre for folket om det blir ei sentralisering. Kommunereforma er ei gedigen sentraliseringsreform. Dette må vi prøve å motarbeide mest mogleg, seier Steinsvoll.

Steinsvoll seier dei eldre også har eit eige ansvar til å passe på kva som skjer for å ta i vare interessene til dei eldre.

Mellvin Steinsvoll

Den nye leiaren i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, Mellvin Steinsvoll.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Eg er litt uroa. Men skal kommunane bli betre for folk der dei bur, slik kommunalminister Sanner har sagt, då må det setjast ein del klutar til. Også frå Pensjonistforbundet si side. Vi er klare til å ta ein jobb med dette. Vi må organisere oss sjølve slik at vi når fram. Og eldreomsorga må organiserast slik at dei eldre blir tekne vare på minst like godt som i dag, seier Steinsvoll.

Steinsvoll er oppteken av at eldreråda i dei nye kommunane blir organiserte slik at dei eldre kjem fram med sakene sine på ein best mogleg måte.

– Eldreråda må organiserast på ein slik måte at vi ikkje blir sausa saman med fleire forskjellige råd. Fleire stader er eldreråd og råd for funksjonshemma slått saman til eitt råd. Då blir det ein saus som ikkje er heilt bra. Sånt må vi prøve å få ein slutt på.